Sunnfjord kommune

Jul i Førdehuset 17.12.2022

17.12.2022

Jul i Førdehuset

17. des vert det julestemning på Førdehuset - ein flott dag for heile familien!
Dette tradisjonsrike arrangementet gler vi oss til kvart år!! Laurdag fyller vi Førdehuset med musikk, teater, filmar, juleverkstad, dans, teikning og mykje anna. Det er julestemning i kvar ein krok av huset. Det vert mange fine gratiskonsertar i regi av Sunnfjord kulturskule både i salane på kulturskulen og i Førdehuset.
På Førdehuset kan de elles ta julebadet, ete julegraut eller gå på juleverkstad. Kom og bli med!!

Aktiviteter heile dagen:
10.00 - 16.00 Julebad i Symjehallen med gløgg (hugs å kjøpe billett i resepsjonen eller på fordehuset.no)
10.00 - 15.00 Kunstutstilling i utstillingssalen v/ Grete Kjøsnes
11.00 - 15.00 Juleverkstad i Peisestova
11.00 - 15.00 Juleteikning utanfor Eventyrrommet
12.00 - 15.00 Juleverkstad i Kunstsalen
12.00 - 16.00 Julegraut med saft og mandelpresangar i kafeen

Framsyningar, bingo og kino:
11.00 Bandkonsert i Sørsalen
11.30 Elevscene i teatersalen
11.30 Julebingo på musikkrommet (maks 40 deltakarar, flotte gevinstar)
12.00 Elevscene i Nordsalen
12.30 Juleforteljing i Eventyrrommet
13.00 Elevscene i Festsalen
13.00 Kino: Teddybjørnens jul i Storsalen (hugs å kjøpe billett i resepsjonen eller på fordehuset.no)
13.30 Julebingo på musikkrommet (maks 40 deltakarar, flotte gevinstar)
13.30 Juleforteljing i Eventyrrommet
14.00 Elevscene i Sørsalen
14.30 Juleforteljing i Eventyrrommet
15.00 Teater Vestland: Raudhette og ulven i teatersalen (hugs å kjøpe billett i resepsjonen eller på fordehuset.no)
15.00 Elevscene i Festsalen (teaterelevar framfører: «Prinsessa som ikkje ville vere prinsesse)
15.00 Elevscene i Nordsalen
15.00 Julebingo på musikkrommet (maks 40 deltakarar, flotte gevinstar)
16.15 Kino: Pus med støvler i Lisjesalen (hugs å kjøpe billett i resepsjonen eller på fordehuset.no)
16.45 Kino: Avatar i Storsalen (hugs å kjøpe billett i resepsjonen eller på fordehuset.no)

Julebad i Symjehallen med gløgg
10.00 – 16.00
Nyt deilig og varm gløgg ved bassengkanten
(hugs å kjøpe billett i resepsjonen eller på fordehuset.no)

Juleverkstad i peisestova
11.00 – 15.00
Kom innom musikkrommet i 2. etasje og lag fin juletrepynt med oss!
Passar born frå 4 år og oppover.

Juleteikning framfor Eventyrrommet
11.00 – 15.00
Her finn du blyantar og teikneark.
Treng du eit lite pause så er det her du kan finne litt ro.

Juleverkstad i kunstsalen
12.00 – 15.00
Kom innom kunstsalen, rett ved sida av Lisjesalen i 2. etasje.
Du kan lage figurar i ull og sjå kva kunstelevane har laga. Nålefilting er enkelt og gøy!

Kulturskulen sine framsyningar
Det vert fleire korte framsyningar i regi av Sunnfjord kulturskule.
Dans utan grenser opptrer i Festsalen kl. 13.00.
Teaterelevar framfører «Prinsessa som ikkje ville vere prinsesse» i Festsalen kl. 15.00.

Julebingo på musikkrommet
11.30, 13.30 og 15.00
Kom og spel bingo med julenissen! Kanskje vinn du ein premie?
Maks 40 deltakarar. Flotte gevinstar!

Juleforteljing i Eventyrrommet
12.30, 13.30 og 14.30
I Eventyrrommet kan du få med deg flotte juleforteljingar lese av kulturskulen sine eldste teaterelevar.
Passar til barn frå 4 år og oppover.

Teater Vestland - Raudhette og ulven
15.00, teatersalen
Det var ein gong i ein skog i eit land i ei stove ei lita jente som heiter Raudhette…
I vår versjon av det urgamle eventyr er det masse gøy og musikk på scena. Skodespelarane dukkar opp med mange forskjellige instrument, og det er fullt band på scena. Scenografien består av ein heil skog, og bestemor bur i ei campingvogn som er litt magisk.
Ta med deg heile familien til eventyrland!
Anbefalt aldersgrense: Frå 4 år.
Framsyninga varer i omlag 65 min.
(hugs å kjøpe billett i resepsjonen eller på fordehuset.no)
Vaksen: 275,-
U15: 275,-

Kino: Teddybjørnens jul
13.00, Storsalen
1t 18min. tillatt for alle
(hugs å kjøpe billett i resepsjonen eller på fordehuset.no)
Inspirert av Alf Prøysen si «Teddybjørnens vise» kjem ein morosam og sjarmerande julefilm for heile familien.
Julefreden er i ferd med å senke seg over den vesle byen, men på den lokale julemarknaden er det framleis eit yrande liv. Mariann er ute for eit siste ærend då ho får auge på ein teddybjørn på øvste hylla i lykkeboda. Augo deira møtes, og ho er heilt sikker på at ho ser ei rørsle. Lever han? Ja! Det er ho bombesikker på. Mariann må få tak i teddybjørnen, koste kva det koste vil! Teddy, på si side, drøymer om ein rik eigar som kan ta han med ut i den store verda. Møtet mellom Mariann og Teddy blir starten på ei overraskande og eventyrleg reise.

Kino: Pus med støvlar – et siste ønske
16.15, Lisjesalen
1t 41min. ikkje sensurert –truleg 6 år
(hugs å kjøpe billett i resepsjonen eller på fordehuset.no)
Alle sin fryktlause, mjølkedrikkande heltepus kjem attende, som eit ekte bevis på at legenda aldri døyr!
Men mange år med heltemodige erobringar og kampar slit på helsa, og Pus blir konfrontert med at han berre har eit av sine ni liv igjen. Han får beskjed av doktoren om å legge om livsstilen sin, og ta det med ro. Pus ender opp på eit kattepensjonat med mange andre altfor kattete kattar, noko som skapar ein enorm trong til å returnere til ein eventyrfylt kvardag. Klarer Pus å leve som den legenda han er, og samstundes ta vare på sitt siste liv?

Kino: Avatar – the way of water
16.45, Storsalen
3t 12min. ikkje sensurert, truleg 12 år
(hugs å kjøpe billett i resepsjonen eller på fordehuset.no)
Meir enn eit tiår etter hendingane i den første filmen, fortel «Avatar: The Way of Water» historia om Sully-familien (Jake, Neytiri og borna deira), om tragediane som følgjer dei, og kor langt dei må gå for å beskytte kvarandre og å halde seg i live.
NB! Vi gjer merksam på at Avatar: Way of Water inneheld fleire sekvensar med blinkande lys som kan påverke dei som har lysfølsam epilepsi eller har andre former for lyssensitivitet.