Sunnfjord kommune

Kulturskulen gratulerer Ingrid Fidjestøl, elev ved visuelle kunstfag, med sal av hennar kunstverk "Bored" til Nordea si kunstsamling.

Ingrid har gått på visuelle kunstfag hjå lærar Ingjerd Monsen Hjelmeland gjennom mange år. Ho har og delteke på Nordea KUL-TUR sitt Talent Møter Mentor-program med mentor/kunstnar Kjell Erik Killi Olsen. I haust var det utstilling for Ingrid og dei 6 andre i mentorprogrammet i Oslo, der sjølvaste dronninga såg utstillinga. Eit av Ingrid sine bilde blei kjøpt inn til Nordea si kunstsamling. Bildet vil bli eit varig minne i kunstsamlinga i Nordea sine lokaler på Majorstua i Oslo. 

Ingrid er kun 18 år gamal. Dette er verkeleg stor stas!!

Om bildet:

Tittel: Bored

Teknikk: Akryl på lerret

str: 30 x 40