Lyarscena - ein konsertserie

Ny konsertserie i Nordsalen på kulturskulen i Førde – Lyarscena! Det har lenge vore ønska ein eigen konsertserie med dei dyktige distriktsmusikarane i Sunnfjord, og i den nye salen får vi moglegheit til å syne fram eit fantastisk musikkbygg i tillegg. Akustikken i salane er av ypperste merke, og er lagt til rette spesielt for akustisk musikk.  


Den første konserten, 24. september, blir ein sprudlande flygelfest kor det nye Yamaha-flygelet blir innvia. Vår pianist i Sunnfjord, Noemi Utasi, i lag med Akiko Anazawa og Tone Støylen Holgersson kjem til å lokke både sarte og heftige tonar ut av instrumentet. 


Fløytisten Helga Lied Wyrtz og pianisten Noemi Utasi tar deg meg «Beside the Stream» den 22. oktober. Dei utfordrar dei mest kjente komponistane frå kjernerepertoaret, og lovar skinande vakre verk som ikkje er framførte i Sunnfjord før. 


Folkemusikkonserten «Stillelåten» er ein medidativ og høgtidsstemt folkemusikkkonsert med Malin Alander (song), Ingrid Stuhaug (hardingfele) og Ole Nilssen (trekkspel). Den 5. november vert Nordsalen fylt med hauststemning! 


På haustens siste konsert på Lyarscena får vi oppleve inderleg og hjertevarmande kammermusikk. Eit av dei siste verka som Franz Schubert skreiv rett før han døydde var opus Nr. 99: Trio for fiolin (Henri Eftevand), cello (Hans Holgersson) og piano (Noemi Utasi). I tillegg får vi høyre vakker trompetmusikk spelt av Julia Gåsvær. 

24. september: «Svart-kvitt» Innviing av det nye flygelet
22. oktober: «Beside the Stream», Helga Lied Wyrtz og Noemi Utasi
05. november: «Stillelåten» Folkemusikkonsert
 26. november: Kammermusikk «Schubert med krydder»

Billettane blir seld via Førdehuset sitt billettsystem.
www.fordehuset.no Billettpris:    
150kr for vaksne
50kr for born
0 kr for kulturskuleelevar

 Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5 
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)