Informasjon om skulehelsetenesta
Skulehelsetenesta har fast kontortid på skulen, og er difor tilgjengelege på skulen der barna er. Det er eit gratis lågterskel tilbod for alle elevar ved skulen, og ein treng ikkje å bestille time.
Skulehelsetenesta arbeider for å fremme barn si utvikling, trivsel og meistring, både på individ og universelt nivå. Har barnet utfordringar med fysisk, psykisk eller sosial helse kan ein ta kontakt med skulehelsetenesta. Skulehelsetenesta kan bidra med individuelle samtalar, etablere tverrfagleg samarbeid og foreldrerettleiing.
Aktuelle utfordringar for barnet kan vere til dømes vanskeleg familiesituasjon, opplevd belastande livshendingar, utfordringar i samspel med andre, mobbing, lite sosialt nettverk, emosjonelle utfordringar, drastisk endring i åtferd og teikn på skulevegring.
Vi tilbyr syn og hørseltest ved behov. Alle som arbeider i skulehelsetenesta har teieplikt. Finn ut når helsesjukepleiar har kontortid på nettsida til skulen din.
Faste tilbod frå skulehelsetenesta
Grunnskulen
- 1. steg: Skulestartundersøking hos helsesjukepleiar og lege. Deltek på foreldremøte.
Tema: førebygging av vald. Film: «Alle har rett til en trygg barndom». - 2. steg: Vaksine mot DTP-IPV. Undervisningsopplegg: "Kroppen min eier jeg".
Tema: førebygging av seksuelle overgrep. - 3. steg: Vekstmåling. Undervisningsopplegg: Helse og trivsel.
Tema førebygging av vald: «Alle har rett til en trygg barndom». - 4. steg: Undervisningsopplegg: Psykisk helse
- 5. steg: Undervisning: Pubertet og undervisning med NOK (Kompetansesenter mot seksuelle overgrep).
- 6. steg: Undervisningsopplegget: «Spør først». Tema: førebygge seksuelle overgrep og fremme positiv og trygg seksualitet. Vaksinering: MMR vaksine.
- 7. steg: Vaksine mot HPV, 2 dosar
- 8. steg: Undervisningsopplegg: Psykisk helse. Deltek på foreldremøte. Vekstmåling og individuell helsesamtale med helsesjukepleiar.
- 9. steg: Undervisningsopplegget: «Spør først». Tema; førebygge seksuelle overgrep og fremme positiv og trygg seksualitet.
- 10. steg: Vaksine mot DTP-IPV
Les meir om barnevaksinasjonsprogrammet på Folkehelseinstituttet sine nettsider
Vidaregåande skule
Helsesjukepleiar har kontortid på dei vidaregåande skulane. Du kan komme til oss for å snakke om prevensjon, personlege problem og andre utfordringar i kvardagen. Vi tilbyr også russeundervisning og Meningittvaksine (vaksine mot hjernehinnebetennelse). Du kan få gratis kondomer hos helsesjukepleiar.
I tillegg kan både elevar og studentar bruke tilbodet Helsestasjon for ungdom.
Kva kostar det?
Tilbod frå skulehelsetenesta er gratis.