Vassenden skule innførte metoden fysisk aktiv læring (FAL) i eit samarbeid med Høgskulen i Vestland sitt forkingsprosjekt ASK (Active Smarter Kids). På Vassenden skule var det stor og positivt engasjement hjå både elevar, føresette og tilsette for å innføre denne satsinga. Ved skulen hjå oss praktiserer vi fysisk aktiv læring i alle fag i alle klassar. Metoden er timeplanfesta der målet er å sikre at alle elevar får minst 30 minuttar fysisk aktivitet kvar dag. Vi ser på satsinga som eit folkehelsetiltak, der vi i kombinasjon med PALS- arbeidet får arbeidd heildekkande med heile eleven i sentrum.
I arbeidet med forskingsprosjektet til høgskulen var Vassenden skule med på å utvikle mange gode aktivitetar til ASK- basen. Om du vil lese meir og aktivitetar og metoden kan du gjere det på prosjektet si nettside. Vassenden skule vil arbeide med å tilpasse FAL- arbeidet sitt med den nye læreplanen LK20. Vi har kontakt med SEFAL om dette.
Sist endra 28.03.2022 14.33