Vinnar av Byggeskikkprisen 2026

Sunnfjord kommune sin byggeskikkpris vart utdelt på kommunestyremøte 18. juni, og gjekk til Førde vidaregåande skule. Prisen går til Vestland fylkeskommune som byggherre, LINK Arkitektur som arkitekt og landskapsarkitekt og Consto Bergen som totalentreprenør.

Vinnar av byggeskikkpris og ordførar og komitemedlem - Klikk for stort bilete

 

Kommunen sin pris for byggeskikk er ein heiderspris som skal løfte fram nye bygg, konstruksjonar og tiltak som bidrar til å heve, fornye og utvikle byggkvalitet i Sunnfjord kommune. 

Byggkvalitet er kvalitetar som bygget, konstruksjonen eller tiltaket har i seg sjølv og i samspel med omgjevnadane. Kvalitetane er knytt til miljø, klima, tilgjengelegheit og byggeskikk.

Komitè for Byggeskikkprisen 2026

  • Rune Hegrenes, Senterpartiet
  • Kari Birkeland, Senterpartiet
  • Jakob Andre Sandal, Sosialistisk Venstreparti
  • Ann-Kristin Strømmen, master i arkitektur, Salt Arkitekter AS
  • Christina Kvamme, siv.ark. MNAL 

Komitèen si omtale av bygget

Årets vinnar av Byggeskikkprisen i Sunnfjord kommune er eit førebiletleg prosjekt der arkitektoniske- og framtidsretta kvalitetar er samla i eit gjennomarbeidd og funksjonelt bygg.

Førde vidaregåande skule er eit stort og komplekst anlegg som på ein framifrå måte samlar utdanning, fellesskap og aktivitet i eit ope og inviterande læringsmiljø. Prosjektet kombinerer nybygg og eksisterande bygningsmasse i arkitektonisk heilskap med høge miljøambisjonar.

Skulen framstår som eit markant og framtidsretta signalbygg for Sunnfjord. Med gode uterom, open tilknyting til omgivnadene og ei formgjeving som gir anlegget ein sterk identitet, er prosjektet eit viktig bidrag til utviklinga av Førde som regionalt senter.

Prosjektet viser korleis store offentlege bygg kan tilføre identitet, kvalitet og verdi for både brukarar bysentrum
 

Komitèen si grunngjeving

Sunnfjord kommune sin byggeskikkpris vert i år tildelt Førde vidaregåande skule. Prisen går til Vestland fylkeskommune som byggherre, LINK Arkitektur som arkitekt og landskapsarkitekt og Consto Bergen som totalentreprenør.

Førde vidaregåande skule er eit av dei største offentlege byggeprosjekta som er gjennomført i Sunnfjord dei siste åra. Prosjektet omfattar om lag 29 000 kvadratmeter og samlar dei tidlegare skulane Hafstad og Øyrane vidaregåande skule i eitt felles anlegg med plass til om lag 1000 elevar og 200 tilsette. Samstundes er det etablert idrettshall, bibliotek, tannklinikk og nye møteplassar som kjem både skulen og lokalsamfunnet til gode.

Arkitektonisk heilskap

Det som særleg gjer prosjektet verdig byggeskikkprisen, er måten det handterer kompleksitet på. Eit omfattande program med mange ulike funksjonar er samla i eit oversiktleg og lett leseleg anlegg. Eksisterande bygg er tekne vare på og integrerte i ein ny arkitektonisk heilskap, der nytt og gammalt spelar saman på ein naturleg måte. Resultatet er ein skule som framstår som eitt samla anlegg, trass i storleik og variasjon i innhald.

Anlegget er organisert kring eit sentralt hjarte med auditorium, kantine, møteplassar og fellesfunksjonar. Her møtest elevar frå ulike studieretningar på tvers av fag og interesser. Dette grepet skaper identitet og fellesskap, samstundes som det gir svært god orientering og flyt gjennom bygget. Dei tre fløyane strekkjer seg ut frå dette sentrumet og dannar ein tydeleg struktur som er lett å forstå og lett å bruke.

Miljøambisjonar

Prosjektet har også høge miljøambisjonar. Store delar av konstruksjonen er utført i tre, eksisterande bygningsmasse er i stor grad vidareført og integrert, og anlegget er utvikla etter passivhusprinsipp med solceller på tak og fjordvarme som energikjelde. Miljøstrategien er ikkje berre eit teknisk tillegg, men ein integrert del av arkitekturen og prosjektets identitet.

Juryen vil særleg framheve korleis bygget forheld seg til staden. Prosjektet ligg sentralt i Førde, mellom eksisterande skuleområde, Løken og den nye parken. Bygningane dannar gode uterom og koplar seg på eksisterande gangvegar og grøne strukturar. Uteområda fungerer som ein naturleg del av skulekvardagen, men er også tilgjengelege og attraktive for innbyggjarane elles. På denne måten er skulen meir enn eit undervisningsbygg – han er ein viktig del av byutviklinga i Førde.

Ny møteplass 

Prosjektet viser korleis offentlege bygg kan vere motorar for stadutvikling. Skulen tilfører aktivitet gjennom heile dagen, styrkar Førde som utdannings- og kompetansesenter og skaper ein ny møteplass for regionen. Samstundes er arkitekturen robust, inkluderande og framtidsretta, med fleksible løysingar som kan tilpassast nye behov over tid.

Juryen meiner Førde vidaregåande skule er eit framifrå døme på god byggeskikk. Prosjektet kombinerer høg arkitektonisk kvalitet, berekraftige løysingar, god funksjonalitet og sterk samfunnsverdi. Det er eit bygg som løftar både staden, brukarane og omgjevnadene, og som vil vere eit viktig referanseprosjekt for Sunnfjord i mange år framover.

Sjå bilete frå Førde vidaregåande skule