Varsel om oppstart av detaljregulering for område Vie B14

Flataker Landskap har på vegne av Sunnfjord Tomteselskap AS varsla oppstart av planarbeid for område B14 i kommuneplanen sin arealdel. 

Et bilde som inneholder kart, tekst, plan, atlasKI-generert innhold kan være feil.Et bilde som inneholder kart, tekst, diagram, planKI-generert innhold kan være feil.

Figur 1 B14 med kort avstand til sjukehus og butikk

Om planen

Planområdet er del av gbnr 43/34 i Sunnfjord kommune, plan_id 464720260005. Det ligg sentralt på Vie like nordaust for sentralsjukehuset og høgskulen, og har ein storleik på om lag 3 dekar. 

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for tomter for frittliggande småhus i område B14 i kommuneplanen sin arealdel. For nærare informasjon sjå planinitiativ datert 15.06.2026 og referat frå oppstartmøte med administrasjonen 01.07.2026. 

Detaljreguleringa er i samsvar med overordna plan og tiltaket er konsekvensutgreidd ved rullering av arealdelen, under namnet VI_10. Kommunen har vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing, eller planprogram, jf kapittel 1.5 i planinitiativet og punkt 1.6 i referat frå oppstartmøtet.

Sjå relevante dokument 

Sei di meining innan 24. august

Dersom du har opplysningar, synspunkt eller merknadar som kan vere av interesse for planarbeidet, bør du sende dette inn. Fristen for å sende inn innspel er 24. august 2026.

Send eventuelle innspel