Uløyste motsegnssaker bremsar bustadbygging og næringsutvikling

Kommunal Rapport skriv 19. mars om at kvar tiande plan som blir sendt på høyring møter motsegn frå NVE. Dette er ei dobling på ti år. 

I Sunnfjord kommune har vi heile sju uløyste motsegnssaker bremsar bustadbygging og næringsutvikling.

Ifølgje ordførar Jenny Følling blir det i dag stilt så strenge krav til reguleringsplanar at berre store aktørar klarer å få dei gjennom. Ho meiner kommunen går glipp av arbeidsplassar fordi mindre aktørar gir opp.

– Terskelen for å fremje motsegn må hevast. Det må takast tak i nasjonalt, seier ho til Kommunal Rapport.

Kommunal Rapport skjermbilde av framside - Klikk for stort bilete

 

Les heile artikkelen i Kommunal Rapport på side 11 og 12 (PDF, 7 MB)

Flaum, erosjon, kvikkleire, fjellskred, jordskred og snøskred. Nesten uansett kvar det skal byggjast i Sunnfjord, må naturfarane kartleggjast og handterast.

– Det er trongt mellom fjella. Men ein stad må folk bu, fastslår einingsleiar for areal og byggesak, Odd Harry Strømsli i Sunnfjord kommune, overfor Kommunal Rapport.

På bordet hans ligg det no sju planforslag som ikkje kan vedtakast på grunn av uløyste motsegn frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Både politikarar og private aktørar har store ambisjonar for den nye kommunen. Men verken planane for Sande sentrum, to bustadutbyggingar, eit sandtak, eit nytt forretningsområde, gondolbane til Jostedalsbreen eller næringsområde med datasenter kan realiserast slik dei ligg føre.

Årsaka er at faren for kvikkleireskred, flaum, skred i bratt terreng eller andre naturfarar ikkje er tilstrekkeleg utgreidd og/eller ivareteken. Det meiner i alle fall etaten, som skal sjå til at kommunane tek ansvaret sitt på alvor og sikrar trygg byggegrunn.