Tilskot til å gjere bustaden meir aldersvennleg

Du kan få tilskot frå Husbanken til å gjere bustaden meir aldersvennleg.

Målet er at ein skal kunne bu heime lenger, og når helsa endrar seg. Tilskotet er pengar ein får og ikkje treng å betale tilbake. 

Du kan søke om tilskot hvis:

  • du er over 62 år eller bur med ein som er over 62 år
  • du bur i boligen sjølv og det er ein eigd eller leigd heilårsbustad. Hvis du leiger må du ha samtykke frå utleigar.
  • bustaden er di folkeregistrerte adresse
  • du skal oppgradere for minst 40 000 kroner

Kor mykje kan du få?

Du kan få dekka inntil 25 prosent av kostnadene til prosjektet. Oppgraderinga må koste minst 40 000 kroner. Det er ingen øvre grense for totalkostnad, men du kan maksimalt få 75 000 kroner i tilskot. Du kan kun få tilskot ein gong per bustad.

Merk at du må kunne finansiere tiltaka med eigne midlar i første omgang. Det er først når arbeidet er ferdig utført og betalt at du kan be om utbetaling av tilskotet. Du kan ikkje få tilskot for eit prosjekt som allereie er påbegynt eller fullført.

 

Les meir om ordninga og søk her