Sunnfjord kommune kartlegg korleis eigarane av jordbruksareal forheld seg til driveplikta.

I lys av totalforsvar/-beredskapsåret 2026 er oppfølging av driveplikta (etter jordlova §§ 8 og 8a) aktualisert. Matjorda er ein viktig ressurs i beredskapssamanheng. 

Det er eit nasjonalt mål å auke sjølvforsyningsgraden i Noreg. Då er det avgjerande at jordbruksareal vert nytta til jordbruksproduksjon. Oppfølging av driveplikta er også ein prioritert strategi i vår eigen Temaplan for landbruk.

Kommunen har ansvar for å føre tilsyn med driveplikta. På denne bakgrunn har kommunen valt å sende ut informasjonsbrev om driveplikta til alle eigarar av eigedomar med meir enn 3 dekar fulldyrka jord. Brev vert sendt ut i desse dagar.

I tillegg til informasjon om driveplikta ber vi i brevet eigarane svare på eit spørjeskjema om driveplikt og jordleige. 

På bakgrunn av informasjonen vi får gjennom svar på spørjeskjema vil vi vurdere i kva grad vi skal følgje opp enkelteigedomar eller -område med omsyn til eventuelle brot på driveplikta.