Sunnfjord kommune inviterer til viktig møte om berekraftig mineralnæring

Korleis kan kommunar, industri og stat samarbeide betre for å sikre ei berekraftig utvikling av mineralnæringa – med større lokal verdiskaping? Dette er hovudtema når Sunnfjord kommune inviterer til møte om utviklinga av ei moderne og berekraftig mineralnæring i Noreg.

Sunnfjord kommune samlar Nome kommune, industri, direktorat, stat og fylkeskommune i Førde 8. april for å drøfte erfaringar og samarbeid knytt til utviklinga av ei moderne og berekraftig mineralnæring i Noreg.

Med erfaringar frå mellom anna Engebøprosjektet i Sunnfjord og Fensfeltet i Telemark på agendaen, ønskjer kommunen å leggje til rette for meir kunnskapsdeling, betre prosessar og større lokal verdiskaping. Med på møte deltek direktør for Direktoratet for mineralforvaltning, Nordic Mining og fylkeskommunen saman med Nome kommune.

– Kommunane står tett på både lokalsamfunna, arealbruken og industrien sine behov. Skal vi lukkast med ei berekraftig mineralnæring, må vi ha god dialog og felles forståing mellom kommunar, næring og stat, seier ordførar i Sunnfjord kommune, Jenny Følling.

Møtet blir halde på rådhuset i Førde og samlar deltakarar frå fleire kommunar, næringslivet og statlege styresmakter.

Kontakt

Profilbilde av Jenny  Følling
Jenny Følling
Ordførar
E-post
Telefon 57 61 27 03
Mobil 47 90 59 90
Profilbilde av Trond Ueland
Trond Ueland
Konstituert kommunalsjef for teknisk og miljø
Telefon 57 61 27 05
Mobil 91 33 74 10