Strategisk retning og prinsipp for helse og omsorg

Den strategiske retninga skal vere eit styringsverktøy for vidare planlegging, utvikling og omstilling av tenestene, og gi eit felles grunnlag for politiske vedtak og administrative prioriteringar i åra framover. 

Dokumentet skal gi ein samla, langsiktig retning for utvikling av helse- og omsorgstenestene i kommunen. 

Formålet er å legge til rette for ei berekraftig utvikling av tenestene i møte med viktige utfordringar, som endringar i demografi, mangel på arbeidskraft og auka behov for helse- og omsorgstenester. 

Samstundes skal dokumentet bidra til å tydeleggjere prioriteringar, styrke førebygging og tidleg innsats, og sikre at ressursane vert nytta på ein mest mogleg formålstenleg måte.

Vi ønsker innspel frå innbyggjarar, brukargrupper, tilsette, samarbeidspartnarar og andre interesserte.

Frist for å gje tilbakemelding er 1. september.

Les meir og gje innspel

Etter høyringa vil innspela blir vurderte og eventuelt innarbeidde i strategidokumentet eller som ein del i det vidare arbeidet i kvalitet og kapasitet i helse og omsorg som skal halde fram hausten 2026. 

Vi oppmodar alle som er opptekne av utviklinga av helse- og omsorgstenestene i Sunnfjord til å kome med innspel!