Snart blir deler av Sunnfjord kommune flyfotografert – sjå opp for kvite fastmerke

I tida framover vil landmålarar arbeide rundt om i kommunen for å førebu nye flyfoto. Dei legg ut kvite firkantar – såkalla fastmerke – som er nødvendige for at Kartverket skal få presise og oppdaterte flybilete av området.

Vi ber om at desse merka får vere i fred, og at du tek godt imot landmålarane dersom dei er innom din eigedom.

Kvifor plasserer vi ut fastmerke?

Fastmerka fungerer som synlege referansepunkt når vi tar flyfoto av terrenget. Dei gjer det mogleg å lage nøyaktige kart og terrengmodellar. Takk for at du ikkje rører, flyttar eller dekkjer til dei kvite firkantane. Dei er ei viktig felles investering som alle i Sunnfjord vil ha nytte av gjennom betre kart og karttenester.

Landmålarar kan kome på besøk

Viss du eig ein veg eller ein annan egna stad for signalering, kan du få besøk av ein landmålar på din eigedom. Matrikkelloven gir dei lovfesta rett til å plassere signal på privat og offentleg grunn. Landmålarane tek omsyn når dei jobbar.

Slik blir fastmerke festa

Landmålaren finn flat og fast grunn, ryddar bort vegetasjon og hamrar inn ein spiker i underlaget. Spikaren signalerast, som det heiter på fagspråket, ved å merke den med ein kvit firkant med tydeleg ramme rundt. Etterpå målar landmålaren inn fastmerket med sitt utsyr. Flyet må ha fri sikt til den kvite firkanten for å kunne kartlegge området.

Fastmerke - Klikk for stort bileteSlike signalerte fastmerke vil vere eit vanleg syn i vår Oppmåling Kartverket

 

Holsavatnet kart - Klikk for stort bileteDet er planlagt å gjennomføre flyging langs aksen Naustdal–Førde og videre i retning Holsavatnet Sunnfjord kommune

Noreg i bilde

Vil du sjå huset ditt frå lufta, finn du dette på Norge i bilder. Her kan du òg bla deg gjennom ulike bilde-lag som syner flyfoto frå ulike tidsepokar.