Revidert nasjonalbudsjett og kommuneproposisjonen

Økonomiske endringar i 2026

Den økonomiske utviklinga hittil i 2026 medfører at kommunesektoren får auka utgifter, men også høgare inntekter.

Årslønsveksten er venta å bli 4,4 prosent, medan prisveksten ligg på 4,9 prosent. Samla gir dette ein auke i den kommunale deflatoren frå 3,5 til 4,1 prosent. Samstundes er pensjonsutgiftene lågare enn tidlegare venta, noko som dreg kostnadsveksten noko ned. Veksten i deflator skuldast primært høg lønsvekst, auka byggjekostnadar og energikostnadar. 

Samla utgiftsvekst for kommunesektoren er berekna til 3,3 milliardar kroner. For Sunnfjord kommune tilsvarar dette om lag 11 millionar kroner.

Forventa vekst i skatteinntekter aukar frå 5,3 % til 6,3 % grunna høgare lønsvekst i 2025 og 2026. Dette gir ein samla auke på 3,2 milliardar kroner, og kompenserer i stor grad for utgiftsveksten. Lågare demografikostnader enn tidlegare anslått bidreg også positivt.

Likevel er handlingsrommet avgrensa. Auken er berekna til om lag 500 millionar kroner nasjonalt, noko som utgjer rundt 1–2 millionar kroner for Sunnfjord kommune.

Kommuneopplegget for 2027

For 2027 er inntektssystemet uendra.

Det er venta ein lønsvekst på 3,8 prosent og prisvekst på 3,1 prosent. Kommunane kan få ein realvekst i frie inntekter på mellom 2,8 og 3,2 milliardar kroner.

Samtidig aukar utgiftene til demografi med om lag 2,4 milliardar kroner. Auka demografiutgifter er i stor grad knytt til endra alderssamansetning i befolkninga til fleire eldre med eit større tenestetilbod. Dette gir eit netto handlingsrom på 0,4–0,8 milliardar kroner nasjonalt, tilsvarande om lag 2 millionar kroner for Sunnfjord kommune.

Når ein tek høgde for forventa renteauke, kan handlingsrommet i praksis bli negativt.

Kommuneproposisjonen

Regjeringa ønskjer å gjere økonomien til kommunane meir føreseieleg. Mellom anna vil dei invitere KS til samarbeid for å betre samsvaret mellom budsjetterte og faktiske skatteinntekter.

Det vert også planlagt nye reglar for oppfølging av kommunar med økonomiske utfordringar, inkludert endringar i ROBEK-ordninga.

Vidare vert det arbeidd med:

  • endringar i regelverk for interkommunalt samarbeid
  • opning for meir samarbeid mellom kommune og fylke
  • Vurdering av framtidig tilskotsordning for ressurskrevjande tenester frå 2028

Ei forsøksordning på arkivområdet med Vestland fylke er også under arbeid.

Oppfølging av kommunekommisjonen

Regjeringa følgjer opp fleire av tilrådingane frå kommunekommisjonen.

Grensa for rapportering av øyremerkte tilskot vert auka frå 100 000 til 1 million kroner. Samstundes vert fleire tilskot innlemma i rammetilskotet, noko som gir meir rammefinansiering og mindre detaljstyring.

Andre tiltak er:

  • samanslåing av mindre tilskotsordningar til større ordningar
  • ingen endringar i grunnskuletilskotet
  • vurdering av enklare kompetansekrav innan helse og omsorg og for lærarar

Regjeringa vil kome tilbake til spørsmål om lærarnorm og vidare endringar seinare.

 

Sjå presentasjonen i formannskapet 20. mai 2026 (PDF, 339 kB)