Bakgrunn for saka
Vestland fylkeskommune hadde ei sak tilstyremøte i Førdepakken i desember 2025 om etablering av ny gang-sykkelbru ved Prestefoss bru som erstatning for den som er der i dag. Denne saka skal dei behandle på nytt i styringsgruppemøtet 4. mars.
I utlysinga av anbodet på fv.601 Angedalsvegen (tiltak 15) og Kyrkjevegen (tiltak18) er ny Prestefoss gang- og sykkelbru med som ein opsjon utan at tiltaket er finansiert.
Fylkeskommunen ønskjer å bruke midlar frå "uspesifiserte sentrumstiltak" som er ein del av første stortingprop (Prop. 137S 2014-2015); også kalla 100 mill potten i kommunen. I revidert stortingsprop (Prop. 33S 2024-2025) er det ikkje sett opp eigne midlar til “uspesifiserte sentrumstiltak”.
Aktuelle lenker
Kommunekart
Kommunedirektøren si vurdering
I saka til styringsgruppa er det ikkje kome fram konsekvensvurdering av bruk av midlar frå uspesifiserte tiltak. Slik kommunedirektør forstår det, er det her tenkt å bruke midlar frå gjenståande prosjekt i pakken sidan det ikkje er avsett eigne midlar til uspesifiserte sentrumstiltak. Det vil få konsekvensar for nedskalering av tiltaka eller manglande realisering. Det gjeld;
- Bru over Jølstra (tiltak 1)
- Bru Naustøyna (tiltak 8)
- Angedalsvegen (tiltak 15+19)
- Storehagen (tiltak 9)
- Ytre Øyrane -Halbrendsøyra (tiltak 20)
Dette har konsekvensar for måloppnåinga for pakken med god trafikkavvikling og auka andel som går og syklar. Oppdraget i Førdepakken er å realisere alle 20 prosjektet som står i prop 137S (2014-2015) og seinare prop. 33S (2024-2025). Slik kommunedirektøren ser det, bør ein vente med og vurdere realisering av “uspesifiserte sentrumstiltak” til ein har kome lenger i realisering av alle 20 tiltaka.
Det er viktig for Sunnfjord kommune at alle prosjekta som er med i prop137S (2014-2015) og 33S (2024-2025) blir realisert og bygd. Denne saka handlar ikkje om behovet om ny bru, men om Førdepakken kan finansiere bygging av den. Når det ikkje er ekstern finansiering av dette tiltaket, så er det for tidleg å tilrå bruk av midlar frå Førdepakken til dette tiltaket.