Orientering om avslutning av tilsynssak - Førde omsorgssenterTilsynssaka ved Førde omsorgssenter er no lukka. Saka gjeld meldingar om kritikkverdige tilhøve og uforsvarleg verksemd ved Førde omsorgssenter. Statsforvaltaren har med heimel i helsetilsynslova § 4 ført tilsyn.Sjå heile brevet frå Statsforvaltaren (PDF, 72 kB)Statsforvaltaren si vurdering Vi har vurdert om Førde omsorgssenter har følgt opp hendinga i samsvar med gjeldande krav til forbetringsarbeidet. I dette ligg at vi i denne saka ikkje har vurdert om helsehjelpa var forsvarleg, men om tenesta har nytta hendinga til å identifisere område med risiko for svikt og sett i verk relevante tiltak for å førebygge risikoen for at tilsvarande kan skje i framtida. Vi har også lagt vekt på om verksemda har ein plan for å evaluere og eventuelt korrigere tiltaka. Statsforvaltaren sin konklusjonSunnfjord kommune, Førde omsorgssenter har gått gjennom hendinga med sikte på å førebygge risikoen for at tilsvarande skjer igjen, i samsvar med gjeldande lovkrav. Vi ventar at leiinga held fram det systematiske arbeidet med kvalitetsforbetring og pasienttryggleik. Vi finn ikkje at det er behov for ytterlegare tiltak frå vår side, og avsluttar med dette tilsynet med Førde omsorgssenter. Sist endra 15.12.2025 16.08