Kvifor er dette viktig?
Opplysningar frå Eigedomsregisteret blir brukte dagleg av privatpersonar, næringsliv og offentlege styresmakter. Kommunen registrerer opplysningar i Eigedomsregisteret som ein del av sitt arbeid. Fordi rutinane har variert over tid, kan enkelte data mangle eller vere utdaterte.
No kan du som eigar eller fester gjere ein forskjell: Ved å oppdatere opplysningar om din bustad eller fritidsbustad bidreg du til å sikre at dei er korrekte. Det kan gi deg riktigare vilkår ved lån, forsikring, skatt og avgift. Vidare får blant anna naudetatar, planleggjarar og andre aktørar betre grunnlag for sine avgjerder. Det kjem både deg og lokalsamfunnet til gode.
Slik gjer du
Du kan registrere byggeår, vatn, avløp, energi, oppvarming og bruksareal. Opplysningane kan du finne i salgsoppgåver, vedtak frå kommunen og takstrapportar, eller du kan bruke di eiga kjennskap til bustaden.
Eigenregistreringa er frivillig og går føre seg via ei sikker sjølvbeteningsløysing utvikla av Kartverket. Du vil ikkje bli beden om å laste opp dokumentasjon.
- Gå til Eigedomsregisteret hos Kartverket: https://eiendomsregisteret.kartverket.no/
- Logg deg inn med ID-porten og sjekk opplysningane som er registrerte frå før
- Registrer det du meiner er riktig
- Oppdater tidlegare registrerte opplysningar dersom noko endrar seg
Opplysningane du registrerer, vil ikkje overskrive det kommunen allereie har. Dei blir viste parallelt med andre eigedomsopplysningar og kan brukast av offentlege og private verksemder.
Kven kontaktar du ved spørsmål?
Dersom du har spørsmål om innlogging eller praktisk gjennomføring, kan du kontakte Kartverket her. Oppdagar du feil eller manglar i offentleg registrerte opplysningar om eigedomen din, må du kontakte kommunen for å få dei retta.
Meir informasjon