Ny evaluering av konkurransen om rassikringsvoll på SkeiSunnfjord kommune har no motteke avgjerda frå KOFA i klagesaka knytt til tildelinga av kontrakten for bygging av rassikringsvollen på Skei. KOFA peikar på fleire forhold i evalueringa som kommunen skal følgje opp vidare.Klagenemnda fann ikkje grunnlag for å avvise den valde leverandøren, og dei fleste av klagepunkta førte ikkje fram. Samstundes peikar KOFA på tre forhold i evalueringa der kommunen må gjere nye vurderingar – særleg knytt til dokumentasjon av kompetansevurderinga og delar av vurderinga av gjennomføringsplanen.Sunnfjord kommune tek KOFA si rettleiande uttale til vitande. Anskaffingsreglane er omfattande, og partane var einige om å be om ei slik avklaring før kontraktssignering. Kommunen er positiv til å gjennomføre ei ny evaluering av tilboda og vil deretter tildele kontrakten på nytt.– Vi ønskjer å sikre ein ryddig og korrekt prosess, og vi er derfor glade for klagenemnda si rettleiing. No gjer vi ei ny vurdering og går vidare i tråd med regelverket, seier Trond Ueland.Les heile saka på Klagenemndssekretariatet si nettside Sist endra 23.03.2026 15.53