Nikolai Astrup til Japan

Til hausten reiser kunsten til Nikolai Astrup for første gong til Japan! Frå november 2026 til desember 2027 skal Astrups kunstnarskap presenterast på fire ulike museum, og det heile startar i Tokyo.

Nikolai Astrup (1880–1928) var ein av Noregs mest originale og folkekjære kunstnarar, og opplever i dag eit internasjonalt gjennombrot.

No skal motiva hans frå Jølster, med frodige hagar og mystiske sommarkveldar, på nytt ut i verda, på ei turné initiert av Sparebankstiftelsen DNB og Kode.

Astrups kunst møter publikum i Japan ved fire anerkjende museum, der den første utstillinga opnar i Tokyo 21. november.

– Vi trur at Astrups kunst vil vekkje svært stor interesse i Japan, seier direktør ved Kode, Petter Snare.

– Dei siste ti åra har vi sett korleis Astrup har fascinert publikum i Europa og USA, og det er fantastisk å kunne introdusere han i Japan. Det finst liner i kunsthistoria mellom Astrup og Japan som eg trur publikum vil kunne kjenne att og la seg begeistre over, seier Snare.

Astrup utstilling 2017 - Klikk for stort bileteAstrup utstilling 2017 Kode

Ei internasjonal satsing over meir enn ti år

Astrupsenteret ved Kode og Sparebankstiftelsen DNB har arbeidd lenge med å setje Nikolai Astrups kunstnarskap i ein internasjonal samanheng.

Dei siste ti åra har Astrup vore presentert i kritikarroste utstillingar ved Dulwich Picture Gallery i London, Kunsthalle Emden i Tyskland, Prins Eugens Waldemarsudde i Stockholm og The Clark i USA.

– Vi såg tidleg at kunsthistoria hadde gått glipp av dei mange internasjonale koplingane hos Astrup, og har saman med kunsthistorikar MaryAnn Stevens og Astrupsenteret ved Kode arbeidd utstrekt med å utvide historiene om dette kunstnarskapet. Det er ei reise som held fram med å gi oss nye oppdagingar og koplingar, det er svært spanande, seier Anders Bjørnsen i Sparebankstiftelsen DNB.

Akira Tomita_Director Tokyo Station Gallery - Klikk for stort bileteAkira Tomita_Director Tokyo Station Gallery Kode

Kva utstillinga skal vise

Utstillinga Garden of Growth skal vise dei mest kjende og kjære Astrup-motiva: St. Hansbål (Priseld), Marsmorgen, Revebjeller og Vårnatt i hagen.

Astrups grafiske kunst, som har viktige forbindelsar til japansk kunsthistorie, vil utgjere ein sentral del av utstillinga.

Dei fleste av verka i utstillinga høyrer til samlinga som Sparebankstiftelsen DNB deponer­er hos Kode, i tillegg til verk frå samlinga ved Astruptunet og private innlån.

– Akkurat slik vi japanarar har uttrykt dei subtile teikna på dei skiftande årstidene i korte dikt som waka og haiku, viser Astrups verk korleis han med stor kjenslefang fanga dei fine variasjonane i norske landskap, årstider og vêr. Vi vart fengsla av Astrups finstemte natursans, seier Akira Tomita, direktør ved Tokyo Station Gallery, som er det første museet i Japan som viser utstillinga.

I tillegg vil utstillinga vise tekstilarbeid av Astrups mor, Petra Constance Astrup, og ein film som skildrar dei skiftande årstidene på Astruptunet.

Kodes kurator for utstillinga, Tove Haugsbø, fortel om stor interesse for kunstnarskapet hans hos japanske fagfolk.

– Kuratorane ved alle desse musea har spisskompetanse på europeisk kunsthistorie. Kuratorgruppa har vore på besøk i Bergen og på Astruptunet, for å fordjupe seg i Astrups kunst, fortel ho.

Astrups «japanske» tresnitt

Astrups grafiske kunst, som har viktige koplingar til japansk kunsthistorie, vil utgjere ein sentral del av utstillinga.

– Japan har ei lang tradisjon for tresnitt. Som de alle veit, er ukiyo-e-trykka det mest storslåtte uttrykket for denne tradisjonen, og vi trur at Astrup henta inspirasjon frå denne retninga. Samstundes tok han tresnittet inn i sitt eige kunstnarskap på måtar vi aldri kunne ha førestilt oss. Denne nyvinninga og dyktigheita er òg viktige grunnar til at vi fanga interesse for Astrup, seier direktør Akira Tomita.

Garden of Growth utforskar òg den djupe forbindelsen mellom Astrups kunstnarlege visjon og naturen.

– Vi vil vise korleis Astrups kunst, rotfesta på garden heime i Jølster, følgjer naturens rytmar, opnar den nordiske nattas mysterium og skildrar hagen som ein formbar stad i stadig forvandling, seier Haugsbø. – Samstundes peikar verka mot ein større idé: at vekst òg handlar om korleis kreativitet, handverk og kunst kan slå rot i heimen og gi liv til nye former for fellesskap.

Astrup måleri - Klikk for stort bileteAstrup måleri Kode

Fakta om utstillinga

  • Turneen er eit samarbeid mellom Kode, Sparebankstiftelsen DNB og dei fire japanske musea Tokyo Station Gallery, Yamaguchi Prefectural Art Museum, Nagoya City Art Museum og The Museum of Modern Art, Hayama.
  • Første visningsstad er Tokyo Station Gallery, med opning 21. november 2026.
  • Utstillinga skal vise over 180 verk frå Kode og Sparebankstiftelsen DNB si samling, verk frå samlinga til Astruptunet ved Musea i Sogn og Fjordane, samt private innlån.
  • Kuratorar er seniorkurator Tove Haugsbø, leiar for Nikolai Astrup forskingssenter for kunst og landskap ved Kode, og kurator Susanna Pettersson, tidlegare direktør ved Nationalmuseum i Stockholm og Ateneum i Helsingfors.
  • Den japanske arrangøren er utstillingsselskapet Sankei. Utstillinga blir følgd av ein omfattande katalog på japansk, med nyskrivne essay om Astrups kunst av Susanna Pettersson, Tove Haugsbø, Kesia Halvorsrud og Kari Greve, samt bidrag frå dei japanske kuratorane Mori Mayuko, Yorozuya Kenji, Haruka Morimoto og Hashiguchi Yui.

 

Tekst og bilde av Kode, eit av Noregs største museum for kunst, kunsthåndverk, design og musikk. 

Sjå original tekst frå Kode