Mobbeombodet i Vestland

Saman for trygge leike- og læringsmiljø. Alle skal ha det trygt og godt i barnehage og på skule.

Mobbeombodet i Vestland Gøril Hillersøy og Hildegunn Hodneland - Klikk for stort bilete Vestland fylkeskommune

Informasjon om mobbeombodet

Mobbeombodet gir råd, støtte og rettleiing i saker som omhandlar psykososialt miljø for born i grunnskule og barnehage i Vestland. Tilbodet er gratis. Du treng ikkje tilvising, og mobbeombodet har teieplikt.

Kven kan få hjelp?

  • Barn og føresette.
  • Tilsette i barnehage, skule og andre tenester som samarbeider med desse.

Kva får du hjelp til?

  • Råd om korleis ein går fram når barnet ikkje har det trygt og godt i barnehage eller skule.
  • Informasjon om rettigheiter.
  • Bistand i møte med barnehage/skule.
  • Informasjon og opplæring av føresette og personale.

 

Meir informasjon finn du på Vestlandfylke.no – Mobbeombodet

Ta kontakt med:

Gøril Hillersøy eller Hildegunn Hodneland