Manglande nettkapasitet – flaskehals for vidare utvikling

Sunnfjord kommune møtte Energidepartementet 16. april 2026 for å presentere kommunen sitt potensial for nærings- og industriutvikling og drøfte rammevilkår for kraftproduksjon og nettilgang. Kommunen understreka ønsket om at lokal kraft i større grad må kunne nyttast lokalt til verdiskaping og grøn omstilling.

Kommunen viste til overskotskraft, ferdig regulerte næringsareal og sterk politisk vilje, særleg knytt til Sunnfjord Næringspark på Moskog og Grøn Park-modellen. Trass i dette er manglande nettkapasitet den største flaskehalsen for vidare utvikling. Dialogen med regionale nettselskap fungerer godt, medan manglande konkrete svar frå Statnett vart peika på som ei sentral utfordring.

Statssekretæren uttrykte forståing for problemstillingane og behovet for betre dialog og meir open informasjon om nettbegrensingar. Det vart semje om at kommunar som seier ja til ny fornybar kraft må få noko att, mellom anna gjennom konsesjonskraft, inntekter frå vindkraft og ordningar som gir tidlegare økonomisk utteljing.

Møtet vart opplevd som konstruktivt. Sunnfjord kommune formidla eit tydeleg bodskap om at kommunen tek ansvar for planlegging og areal, men at statlege rammevilkår og nettløysingar må gjere det mogleg å bruke lokal kraft lokalt for å sikre vidare næringsutvikling og samfunnsaksept.

Kontakt

Profilbilde av Trond Ueland
Trond Ueland
Konstituert kommunalsjef for teknisk og miljø
Telefon 57 61 27 05
Mobil 91 33 74 10