Kvar utsetjing av E39 kostar i kroner, tid og trafikktryggleikKor stor er eigentleg rekninga når viktige samferdselsprosjekt blir utsette år etter år? Under Arendalsuka inviterer E39-utvalet til ein aktuell debatt om konsekvensar, prioriteringar og vegen vidare. På scena møter vi representantar frå Statens vegvesen, Vestland fylkeskommune, næringslivet og sentrale politikarar. Les meir om debatten«Her er det trafikkstans, det oppstår alvorlege situasjonar, og utrykkingskøyretøy kjem seg ikkje fram», seier stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, Torbjørn Vereide.Store samferdselsprosjekt tek tid. Dei skal utgreiast, planleggjast og kvalitetssikrast. Men kva skjer når prosjekt som er ferdig planlagde blir ståande på vent i år etter år? Kostnadene aukar, trafikken veks og behovet for betre løysingar blir ikkje mindre. Samtidig får næringslivet leve med meir uvisse, innbyggjarane med lengre reisetider og samfunnet med ein vegstandard som ikkje står i forhold til dagens behov. Dette er bakteppet når E39-utvalet inviterer til debatt under Arendalsuka skriv Elisabeth Hatlenes. Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Sist endra 12.08.2026 14.58