Kulturprisen 2025

Sunnfjord kommune sin kulturpris vert delt ut til ein kandidat som har gjort ein særleg, langvarig og/eller ekstraordinær innsats i kulturlivet i kommunen. Utvalet for oppvekst og kultur vedtek kven som får prisen. Mottakaren får eit kunstdiplom og ei pengegåve på 25 000 kroner. Prisen vert overrekt av ordførar i samband med årets siste møte i kommunestyret. 

Grunngjeving for Sunnfjord kommune sin kulturpris 2025

I 2025 har Sunnfjord kommune tildelt VM i vektløfting 2025 kulturprisen.

fem personar i festkle - Klikk for stort bilete

Eit fantastisk verdsmeisterskap – ei historisk hending

VM i vektløfting 2025 var ein suksess! I konkurranse med storbyar som Las Vegas og Sofia vart Førde vald som vertsby, og resultatet vart eit meisterskap som får omtale som det beste VM nokon gong i internasjonal vektløfting.

Stian Grimseth, frå Naustdal, har gjennom ein lang og solid karriere bygd både sportslege merittar og brei tillit i det internasjonale vektløftingsmiljøet. Med mange år på toppnivå, både som aktiv utøvar og seinare som leiar, representerer han kontinuitet, kompetanse og truverd i møte med internasjonale forbund og arrangørar.

Erfaring frå store meisterskap, tett kjennskap til krav og strukturar i internasjonal vektløfting, og eit godt utvikla nettverk nasjonalt og internasjonalt, er viktige føresetnader når ein skal vurdere vertsroller. Mellom anna vart det i 2016 arrangert eit vellukka EM i vektløfting i Førdehuset.  I denne samanhengen utgjer Grimseth si rolle og posisjon eit avgjerande premiss for at Noreg og Førde fekk VM i vektløfting 2025.

I ti dagar har verdas sterkaste kvinner og menn kjempa om medaljar i Førdehuset, og Sunnfjord har løfta seg sjølv til nye høgder. Arrangør, publikum, frivillige, kommune, fylke, stat og næringsliv har saman skapt ei folkefest som vil bli hugsa lenge. Over 500 deltakarar frå 100 nasjonar fann vegen til Sunnfjord. Publikum fylte tribunane, og heile verda fekk oppleve norsk natur, varme vertskap og idrettsglede på sitt aller beste.

Førdehuset har over ti konkurransedagar blitt arena for heile 40 nye verdsrekordar. Det er 13 fleire enn det tidlegare høgste talet rekordar sett under eit verdsmeisterskap i vektløfting kunne ein nøgd VM-general Stian Grimseth slå fast.

Eit av dei mest fantastiske augneblinka kom då Solfrid Koanda løfta til gull for eit fullsett Førdehus med Kong Harald, statsministeren, kulturministeren og idrettspresidenten på første rad.
Like minneverdig var det då Ragnar Holme frå Naustdal løfta til norsk og nordisk rekord i +110 kg-klassen til jubel frå eit ellevilt publikum.

Bak suksessen står eit enormt lagarbeid. Over 800 frivillige har stått på frå morgon til kveld, og saman med arrangørane i VM Vektløfting 2025 AS, lokale eldsjeler og støttespelarar frå næringsliv og offentleg sektor, har dei skapt eit meisterskap i verdsklasse.

Dette er ei historisk hending i Sunnfjord kommune. VM har vist kva vi får til når vi løftar i lag. Det er fellesskapet som er vår sterkaste kraft.

Ei stor takk til styreleiaren og administrasjonen i VM i vektløfting 2025, med Stian Grimseth i spissen. Dei fortenar merksemd og ros for den formidable innsatsen og det profesjonelle arbeidet som har løfta Førde og regionen til verdsscenen.

VM i vektløfting 2025 har ikkje berre vore eit idrettsarrangement, men også eit symbol på dugnadsånd, samarbeid og stoltheit. Arrangementet har styrkt identiteten, stoltheita og samhaldet i lokalsamfunnet, og vist kva som er mogleg. Det har skapt varige kulturelle verdiar, inspirert nye generasjonar og sett spor langt utover sjølve meisterskapsdagane.

Det har gitt Sunnfjord ein plass på verdskartet og skapt minne, inspirasjon og samhald som vil vare lenge etter at meisterskapen er over. De har representert kommunen, regionen og landet på beste vis.

Dette meisterskapet vart mogleg takka vere dugnadsånd, fellesskap og ei tru på at storleik ikkje handlar om tal, men om vilje. VM-general Stian Grimseth sine ord «Den minste byen, med det største hjartet», vil stå att som eit symbol.

VM i vektløfting 2025 representerer ein ekstraordinær innsats for kulturlivet og samfunnsutviklinga i kommunen, og er ein særs verdig mottakar av Sunnfjord kommune sin kulturpris 2025.
 

Kontakt

Profilbilde av Anita Nordheim
Anita Nordheim
Kommunalsjef for kultur og idrett
Telefon 57 72 60 57
Mobil 95 92 24 34