Korleis skal bylivet i Førde vere?DRMA° har med bidrag frå Urban Creators, Arild Waage og Gregory Idehen utført eit mulighetsstudie for Storehagen og Elvetorget. Oppdraget var gitt av kommunen i samband med sentrumsplanen for Førde.Storehagen omfattar Firda Billag-tomta, som står framfor ein større transformasjon. Elvetorget er ein populær møteplass, og eit av Førde sitt mest attraktive byrom. Studiet ser nærmare på korleis desse kan bli utvikla. Les mulighetsstudiet for Storehagen og Elvetorget (PDF, 15 MB)Framtidas samferdsel handlar om effektive samanhengar – men òg i stadig større grad om attraktivitet, samarbeid og eit levande sentrum. For Førde er vala som blir tekne no, avgjerande for den vidare utviklinga av byen.Moglegheitene for eit attraktivt sentrumsliv ligg ofte i kombinasjonen av fleire grep: å prioritere gåande og syklande i sentrum, å skape meir liv og aktivitet i gater og første etasjar, og å utvikle gode og attraktive bumiljø i sentrum.Like viktig er arealeffektive løysingar, deling og sambruk av både eksisterande og ny infrastruktur, samt å ta vare på og vidareutvikle det vi allereie har.Sjå nokre av illustrasjonane frå rapporten Sist endra 18.06.2026 14.16