Kommunen lyser snart ut nye brøytekontraktarI samband med dei nye kontraktane har kommunen vurdert ulike betalingsmodellar, og landa på ein kombinasjon av fast og variabel pris. Vurdering av betalingsmodell Sunnfjord kommune førebur no ein ny konkurranse for brøyting og vintervedlikehald. Dei fleste gjeldande brøytekontraktane går ut i mai 2026, og kommunen skal difor ut på anbod med nye avtalar.Kommunen har om lag 320 km kommunal veg. Av dette blir rundt 298 km brøyta av private entreprenørar. I dag betaler kommunen ein fast pris for brøyting, strøing og enkelte andre tenester. Kostnaden for vinterdrift ligg på om lag 20 millionar kroner årleg.I samband med dei nye kontraktane har kommunen vurdert ulike modellar for betaling. Dette er gjort etter eit vedtak i årsbudsjettet for 2025–2028, der kommunestyret bad om ei gjennomgang av fast beredskap og timesatsar før nye kontraktar blir lyst ut. Kommunen har henta inn erfaringar frå mellom anna Stryn, Volda, Stord og Sogndal, i tillegg til fylkeskommunen og Innkjøpskontoret AS.Kombinasjon av fast og variabel prisI den komande konkurransen vil kommunen bruke ein kombinasjon av fastpris og variabel pris. Det inneber at delar av kostnaden vil følgje snømengde og faktisk arbeid, medan eit fast beløp skal sikre at entreprenørane får dekka beredskap også i vintrar med lite snø. Endringa gjer at risikoen knytt til snømengder i større grad flyttast frå entreprenørane til kommunen, noko som normalt gir lågare prisar.Målet er å få kontraktar som er føreseielege og attraktive for både leverandørane og kommunen. Sjå notat om vurdering av vederlagsmodell for vintervedlikehald for meir informasjon. Utlysinga blir publisert innan kort tid. Sist endra 16.03.2026 12.54