Sunnfjord kommune gjennomførte ein open tilbodskonkurranse, og kontrakten blei tildelt Mesta i juni 2024. Tildelinga blei påklaga, og kommunen innhenta ei rådgjevande uttale frå Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA), som kom 19. mars 2026.
KOFA fann ikkje grunnlag for å avvise den valde leverandøren, og hovuddelen av klagepunkta førte ikkje fram. Samstundes peika nemnda på tre forhold i evalueringa som kommunen burde justere. Desse var knytt til vurderinga av CVàr, vurdering av gjennomføringsplan samt dokumentasjon av vurderingar av referansar.
Etter uttalen frå KOFA har kommunen gjennomført ein grundig, gjennomgang av konkurransen. Evalueringa er justert i tråd med tilbakemeldingane, mellom anna med noko større vektlegging av CV-ar og justert vurdering av gjennomføringsplan. Referansen for Sunnfjord Næringspark er òg gjennomgått nøye, og det er tydeleggjort kva som er vektlagt.
Den samla gjennomgangen stadfestar det opphavelege resultatet i konkurransen, og tildelinga til Mesta blir ståande. Kontrakt er no inngått, og prosjektet kan gå vidare til gjennomføring.
– Dette har vore ein omfattande, men samtidig grundig og læringsrik prosess. Sidan kontrakten vart tildelt i juni i fjor, har saka vore grundig belyst gjennom klagehandsaming og rådgjevande uttale frå KOFA. Kontrakt er no inngått med Mesta, og vi ser fram til å kome i gang med dei viktige sikringstiltaka på Skei, seier Trond Ueland.