Justering av kommuneplanen sin samfunnsdel 2022 - 2030

Ved endring av planstrategien i mai 2025 vart det vedtatt at vi skulle gjere ei enkel rullering av kommuneplanen sin samfunnsdel 2022 - 2030. 

Gjeldande plan er ganske omfattande med mange strategiar. Når vi no står i utfordringa med at vi må spare pengar og omstille oss, så treng vi ein plan med meir tydeleg retning og prioritering. Korleis skal vi møte dilemmaet med at vi må omstille og gjere strukturendringar som påverkar innbyggarane våre samstundes som vi ynskjer at det skal vere attraktivt å bu i Sunnfjord? 

Med «enkel» så meiner vi at vi ikkje startar heilt på nytt, men at vi tar utgangspunkt i gjeldande samfunnsdel og ser på korleis vi kan spisse den betre mot dei utfordringane vi står ovanfor og reduserer tal mål og strategiar. Dette medfører også at vi i denne omgang ikkje køyrer ein full planprosess med planprogram og varsel om oppstart, jf. plan- og bygningslova § 17: Endringa av kommuneplanen kan skje utan full prosess dersom endringa er mindre vesentleg. 

Dette legg også føringar for det arbeidet vi no gjer. Dette er ikkje ein ny samfunnsdel der vi kan sette ny retning, men det handlar om å prioritere blant dei strategiane vi allereie har. 

Innbyggarundersøking

Hausten 2025 hadde vi ute ei innbyggarundersøking for å få eit betre grunnlag for å vite kva som er viktig for dei i ein kvardag som innbyggar i Sunnfjord kommune. Kvalitetar som vert trekt fram som viktige for å bli buande her, er: gode skular og barnehagar, eit saumlaust kvardagsliv, tilgang på arbeidsplassar, attraktive og inkluderande nærmiljø, trygge og stabile tenester og natur og friluftsliv. 

Sitat frå innbyggarundersøkinga:

«Lite, men stort. Legg vekt på hvor mye som skjer, dette er ikke en vanlig liten bygd i en distriktskommune, det er mer bypreg med kultur, konserter, muligheter for shopping og konferanser. Et næringsliv som er særs fremoverlente og villige til å utvikle seg. Nærhet til naturen (men det har jo alle byer i Norge).»
 

Forslag til justert samfunnsdel

Dette viser at delmåla i gjeldande samfunnsplan står seg - vi skal skape gode kvardagsliv for innbyggarane vår og vi skal vere ein regionmotor i Sunnfjord. Men vi må som sagt prioritere tydelegare blant alle strategiane vi har! 

Administrasjonen jobbar no med å utarbeide eit forslag til justert samfunnsdel med mål om politisk vedtak i juni 2026. Forslag til justert samfunnsdel vert etter planen lagt ut på høyring i løpet av april 2026. 

Framdriftsplan 2026

Framdriftsplan 2026
AktivitetTidspunkt
Verkstad med kommunestyret26. februar
Frist for partia til å sende inn forms-skjema6. mars
Administrasjonen utarbeider utkast til justert samfunnsdelmars månad
Formannskapet legg plan ut på høyring9. april
Høyringsperiode10. april - 7. mai
Administrasjonen utarbeider forslag til endeleg vedtakmai månad
Politisk handsaming og vedtak i kommunestyret - justert samfunnsdeljuni månad