Helsetenester på nye måtar!Digital Heimeoppfølging er ein stadig meir brukt måte å gje pasientar med kroniske sjukdommar ei god oppfølging på. Vi er i ferd med å bygge opp denne tenesta i vårt område, og i den samanheng har vi besøkt ulike oppfølgingssenter andre stadar i landet for å lære og ta med oss nyttige innspel tilbake.Skei heimeteneste som driv oppfølgingstensta for personar med digital heimeoppfølging for kommunane i prosjektet deltok i hospiteringa med to sjukepleiarar. To sjukepleiarar frå Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevaktsentral (SysIKL) som er nye inn i dette arbeidet deltok også, og fekk godt innblikk i korleis ein arbeider med oppfølging av pasientar som nyttar digital heimeoppfølging. Jofrid Aardalsbakke Djupvik som er prosjektleiar for digital heimeoppfølging hadde lagt opp eit tett program som gav nyttig kunnskap ved hjelp av kontaktar ein har fått gjennom det nasjonale prosjektet om digital heimeoppfølging.I Oslo har ein hatt tenesta i drift sidan 2018, og pasientar som mottek digital heimeoppfølging har få personar å forholde seg til i forhold til dei som mottek tradisjonell heimesjukepleie. Oppfølgingstenesta er felles for fire bydelar med til saman omkring 200 000 innbyggarar. Ullensaker kommune driv felles oppfølgingsteneste for personar med sjukdommane kols og hjartesvikt frå til saman ti kommunar. Og dei har tett samarbeid med spesialistar innan hjarte og lungesjukdommar ved Akershus Universitetsykehus.I Helsefellesskapet i Østfold ligg felles oppfølgingsteneste i Fredrikstad kommune. Her driftast også digital heimeoppfølging for pasientar med kols og hjartesvikt, men dei tilbyr også digital oppfølging til pasientar med andre helseutfordringar, som til dømes diabetes type 2, kreft og personar med ernæringsutfordringar.Sjukepleiarane og hospitantane Kine Solheim, Frida Fitje, Silje Flølo og Tiril Kjøsnes Andersen har du trua på at digital heimeoppfølging kan hjelpe oss å gje betre helsetenester på ein meir effektiv måte i framtida. Men vi har sit stort informasjonsarbeid framfor oss for at både helsepersonell og innbyggarar skal bli kjend med denne måten å få og yte helsetenester på. Gode rutinar, opplæring og rolleavklaringar mellom dei ulike aktørane er viktig i arbeidet framover. Sist endra 08.12.2025 09.05