Det er med stor glede og respekt vi ønskjer å nominere Jorunn til Årets hederspris for HFU.
I 1997 var Jorunn med på å etablere Helsestasjon for ungdom i Førde, i ei tid då dette framleis var eit relativt nytt tilbod i Noreg. HFU var i sterk utvikling på denne tida – frå berre 12 kommunar med eit slikt tilbod i 1991, til 91 kommunar i 1996.
Jorunn har sidan starten vore ein viktig del av HFU i Førde og har gjennom snart tre tiår vore ein sterk forkjempar for at ungdom skal ha ein trygg, tilgjengeleg og fortruleg stad å kome med små og store spørsmål om kropp, seksualitet, psykisk helse og livet elles.
Men Jorunn har ikkje berre vore ein trygg vaksen for ungdommane som har kome inn døra på HFU. Ho har også vore ein viktig stemme for ungdom – ut i samfunnet.
Gjennom mange år har ho stilt opp i media og løfta fram tema som opptek og utfordrar ungdom. Ho har snakka om seksualitet, kroppspress, prevensjon, HPV, kjønnssjukdommar, rus og psykisk helse. Ho er ikkje redd for å ta ordet når ho meiner ungdommane treng at nokon snakkar deira sak. Med fagleg tyngde, engasjement og ein direkte og tydeleg stil har ho bidrege til å setje ungdom sine behov på dagsorden.
Det som kanskje imponerer oss aller mest, er at engasjementet hennar ikkje har blitt mindre med åra. Jorunn er framleis nysgjerrig, kunnskapssøkande og uredd. Ho held fram med å utvikle faget, dele kunnskap og løfte fram ungdomsperspektivet. Ho er opptatt av at helsesjukepleiarar skal kunne tilby å legge inn både spiral og p-stav, og er sjølv den beste læraren ein kan få på dette feltet.
Ho har vore med på å byggje opp HFU i Førde frå starten. Ho har vore med på å utvikle tenesta og gjere henne til eit viktig tilbod for ungdom. Og gjennom alle desse åra har ho vore med på å gi ungdommane ei tydeleg stemme.
Jorunn er ein person som har sett spor – både hos ungdommane ho har møtt, i fagmiljøet og i samfunnet rundt seg.
Difor meiner vi at ho er ein svært verdig mottakar av Årets hederspris.