Helge Robert Midtbø fekk fritak – val av ny varaordførar I møtet i kommunestyret i går fekk Helge Robert Midtbø fritak frå sine politiske verv i kommunen. Kommunestyret valde difor ny varaordførar og nye medlemmer til formannskap og utval. Sunnfjord kommune Helge Robert Midtbø fekk fritak Helge Robert har fått fritak frå politiske verv og rolla som varaordførar i Sunnfjord kommune frå 1. februar.Sunnfjord kommune takkar Helge Robert for langvarig politisk innsats i Førde kommune og no Sunnfjord kommune, og siste tida som varaordførar.Det har vore ei glede å samarbeide med Helge Robert. Han har god kontakt nasjonalt og er omgjengeleg og kunnskapsrik, og vi har hatt eit veldig godt samarbeid, seier ordførar Jenny Følling.Sunnfjord kommune ynskjer Helge Robert lukke til i ny jobb.Val av ny varaordførarEit einstemmig kommunestyre valde Håkon Myrvang (Ap) som ny varaordførar frå 1. februar. Han har lang erfaring som ordførar i Naustdal i mange år, og medlem i formannskapet i Sunnfjord kommune sidan oppstart.Håkon har brei politisk erfaring og stort nettverk, og eg ser fram til å samarbeide med han, seier ordførar Jenny Følling.Andre nyvalSara-Marie Horsevik (Ap) vart valt som ny medlem i formannskapet, og overtar plassen til Helge Robert Midtbø Annlaug Birkeland (Ap) vart valt som ny medlem i utvalet for oppvekst og kultur, og overtar plassen til Sara-Marie Horsevik Åge Avedal (V) vart valt som ny nestleiar i utvalet for oppvekst og kultur Geir Leon Hetle (Ap) vart valt som ny medlem i utvalet for næring og miljø, tar over plassen til Annlaug Birkeland. Sist endra 23.01.2026 15.42