Hald bygda rein – rydd etter deg

No oppmodar vi alle innbyggjarar til å vere med og halde det ryddig rundt oss.

Våren er her, og mange ryddar og pussar opp ute etter ein lang vinter. Kommunen ønskjer at det skal vere ryddig og triveleg i heile kommunen, og vi har fleire ordningar som gjer det enkelt å levere avfall på rett stad – som miljøstasjonar og innsamlingsordningar. Sjå informasjon på SUM si nettside: SUM | Levering av avfall.

Forsøpling er ulovleg

Forsøpling er ikkje berre skjemmande – det er også ulovleg og kan føre til ureining av natur og miljø.

Kva reknast som forsøpling?

Avfall er alt du har kasta, vil kaste eller pliktar å kvitte deg med. Forsøpling er kort sagt: Avfall på feil stad.

Dette kan til dømes vere:
•    hageavfall eller anna avfall dumpa i naturen
•    villfyllingar
•    lagring av brukte gjenstandar over tid, som til dømes bilvrak på eigen eigedom

Plastavfall, som rundballeplast, er definert som ureining og skal alltid leverast til godkjent mottak. 
Kasserte køyretøy er avfall. Kjøp og sal av slike køyretøy er ulovleg, og dei skal leverast til godkjent mottak.

Alle har ansvar for ei rein og triveleg bygd

Forureiningslova § 28 seier klart ifrå:
Ingen må lagre eller handtere avfall slik at det verkar skjemmande eller er til skade eller ulempe for miljøet.
Du har ansvar for orden og ryddige tilhøve rundt dine avfallsbehaldarar og på eigen eigedom.

Kven har ansvaret?

•    Grunneigar har ansvar for å unngå forsøpling på eigen eigedom
•    Kommunen har ansvar for forsøpling i parkar og friområde
•    Vegeigar har ansvar langs vegar – dette kan vere kommunen, fylkeskommunen eller private

Oppdagar kommunen forsøpling, kan den ansvarlege få pålegg om opprydding etter forureiningslova § 37.
Ser du forsøpling? Du kan melde frå til kommunen.

Kva skjer viss ein ikkje ryddar?

Dersom pålegg ikkje blir følgde, kan kommunen ta i bruk strengare verkemiddel. Det kan til dømes vere:
•    Tvangsmulkt
•    at kommunen ryddar opp og sender rekninga til grunneigar eller ansvarleg

Dette blir som regel berre brukt i hastesaker, men det er viktig å vite at:
Grunneigar kan bli halden ansvarleg, sjølv om han eller ho ikkje har forårsaka forsøplinga.

Alvorlege brot kan få rettslege følgjer

I alvorlege tilfelle kan saka bli meldt til politiet. Dette gjeld særleg der den ansvarlege visste – eller burde vite – at handlinga kunne føre til ureining.

Døme på dette er:
•    villfyllingar
•    ulovleg handtering av spesialavfall
•    dumping av rundballeplast i elvar
•    bruk av kasserte køyretøy som fyllmasse
•    brenning av avfall i strid med lokale forskrifter