Fullt hus på folkemøte 10. mars inviterte vi til folkemøte om fylkesveg 57 i Bygstad samfunnshus. Heile 120 møtte opp for å høyre Vestland fylkeskommune og Nordconsult presentere alternativa for Fylkesvegen gjennom bygda. To alternativ har bru over Svesundet, medan eit går om Osen og tunnel til Haugsbø. Mange nytta høve til å stillespørsmål og kome med sine refleksjonar. Vi vil takke Vestland fylkeskommune, Bygstad nærmiljøråd og alle dei frammøtte for eit godt møte. Alle vert oppmoda om å sende inn merknader innan fristen 8. april.Sjå høyring og gje innspel Fylkesveg 57 er ein prioritert regional hovudveg i gjeldande regional transportplan (RTP) for Vestland. Kommundelplanen skal avklare framtidig trasé for fv.57. Det vil sei finne ein vegtrase for fv. 57 som kan realiserast. Det er her snakk om både utbetring av eksisterande veg og nybygging av tunnel, bru og veg. Planforslaget har 3 hovudalternativ til trasé gjennom området pluss 3 variantar av dei.Sjå trasè-alternativa merka med gult i kartet Sist endra 11.03.2026 09.49