Førebels rekneskapsresultat for Sunnfjord kommune syner eit positivt netto driftsresultat korrigert for bundne fondsavsetjingar på 3,3 mill. kroner. Resultat blir sett av til disposisjonsfondet.
Dette er ei stor betring samanlikna med 2024 då kommunen hadde eit negativt driftsresultat på 135 millionar kroner. Forbetringa kjem først og fremst av høgare skatteinntekter, lågare utgiftsvekst som følgje av iverksette innsparingstiltak og driftsinstruks. I tillegg er sjukefråvær redusert med 0,5 %-poeng.
Drift i sektorane
Sektorane har eit samla meirforbruk på 19,2 millionar kroner. Det er 22,9 millionar betre enn ved førre rapportering. Forbetringa kjem av auka inntekter mot slutten av året, gjennomførte tiltak og forsiktig rapportering. Alle sektorar med unnatak av skule kjem betre ut enn rapportert og bidreg med å redusere det samla meirforbruket i sektorane. Meirforbruket er finansiert ved å redusere budsjettert avsetjing til disposisjonsfondet frå 22,5 til 3,3 millionar kroner. Rekneskapen blir med det avslutta i balanse.
Nøkkeltal for vedtekne økonomiske handlingsreglar
Netto driftsresultat: 0,3 % av brutto driftsinntekter (mål 2 %). Eit sterkare driftsresultat er nødvendig for å tole svingingar i inntekter og utgifter, og for å styrke disposisjonsfondet.
Netto lånegjeld: 90,6 % av brutto driftsinntekter (mål: 90 %). Høg gjeld gir større rente- og avdragsutgifter, mindre handlingsrom og mindre disponible midlar til tenesteyting.
Disposisjonsfond: 0,4 % av brutto driftsinntekter, mål: 8 %). Fondet fungerer som kommunen sin "sparekonto" og må styrkast vidare for å skape økonomisk handlingsrom og buffer ved underskot i drifta. Fondet har auka frå 7 til 10,3 mill. kroner i 2025. Det er mål om at fondet utgjer om lag 215 mill. kroner.
Eit steg i rett retning
Resultatet syner at gjennomførte tiltak i 2025 har gitt effekt, og at tilsette har gjort ein stor innsats i eit krevjande år. Samstundes er det framleis viktig å gjennomføre plan for innsparing og omstilling for å sikre langsiktig berekraftig økonomi. Demografiske endringar, behovet for midlertidig driftsinstruks og måloppnåing på handlingsreglar syner at den økonomiske situasjonen framleis er sårbar.
Rekneskapen er førebels. Endeleg revidert rekneskap, årsmelding og årsrapport vil bli politisk handsama i slutten av april 2026.