Fartsgrense kommunal veg ØyraneFormannskapet vil i møte 1. oktober behandle sak om fartsgrensa på Øyrane som i dag er 30 km/t.Bakgrunn for sakaFormannskapet har bede administrasjonen gjere ei ny vurdering av fartsgrensa på kommunal veg Øyrane etter ønske frå delar av næringslivet om å auke fartsgrensa til 50 km/t. Administrasjonen finn ikkje fagleg grunnlag for 50 km/t. Dagens situasjon oppfyller heller ikkje føresetnadene for 40 km/t. Samstundes vurderer administrasjonen at 40 km/t kan vere eit naturleg framtidig fartsnivå når samanhengande løysingar for mjuke trafikantar er etablerte.Les heile saka om fartsgrense på Øyrane Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak: Gjeldande fartsgrense på 30 km/t på kommunal veg Øyrane, frå Rv. 5 og vestover til området ved Ankerløkken, vert vidareført. Det er ikkje fagleg grunnlag for å auke fartsgrensa til 40 km/t eller 50 km/t i dagens situasjon.Ei framtidig vurdering av 40 km/t bør sjåast i samanheng med gjennomføring av tiltak nr. 20 i Førdepakken og øvrige trafikktryggingstiltak som gir eit samanhengande og trafikksikkert tilbod for mjuke trafikantar langs strekninga. Eksisterande løysing for mjuke trafikantar og konfliktpunkt langs Øyrane Sist endra 29.09.2026 13.01