Frisøren og Førdianaren som i samarbeid med bror sin, bestemte seg for å starte arbeidet med tilrettelegging av sti ved Bekkjavatnet i 1995. Dei var pådrivarar, i lag med grunneigarane på Bruland, for å få bru over Hundsrasta. To gapahukar vart bygde, og mykje anna tilrettelegging, slik at området ved Hundsrasta vart veldig populært. Fleire kom med i dugnadsgjengen etter kvart, og i 2003 fann dei ut at det var lurt å starte ein eigen organisasjon, som kunne stå for organiseringa av arbeidet, og då vart Bekkjavatnets venner formelt etablert. Då Førde fekk bystatus, endra dei namn til Bymarkas venner.
I 2006 fekk Bymarkas venner Førde kommune sin kulturpris, for arbeidet som var gjort rundt Bekkjavatnet dei siste 10 åra. Det har vorte fleire prisar opp gjennom åra, den siste var Nasjonalforeininga sin Folkehelsepris for 2022, for dugnadsinnsatsen i Bymarka.
Gilmar Kjelsnes er sjølve definisjonen på utømmelege pågangsmot og dugnadsinnsats. Han vaknar opp kvar dag og lurer på kva han kan stelle med der oppe. Den spreke 87-åringen har i tre tiår stått på for at både unge og eldre skal kunne nytte området ved og rundt Bekkjavatnet på best mogleg vis. Det er opparbeidd stiar, bruer, trapper, kvileplassar og gapahukar rundt vatnet. Det er også lagt til rette for parkering.
Så er det forståeleg at han siste året, i ein alder av 87, har prøvd å trappe ned litt. Men han likar å følgje med på kva som blir gjort, og klarar ikkje la vere å ta i eit tak når han er der oppe.
Gilmar er veldig oppteken av familien, med kone, barn og barnebarn. Onsdagane kan han ikkje jobbe dugnad, då er det pannekakedag med eitt barnebarn. Og elles prøver han å komme seg heim til kl. 16.00, for å ete middag med kona. Men det har nok hent at ho har måtte vente, når han blir for ivrig.