Drop-in datahjelp

Torsdag 3. september startar vi opp att med Drop-in datahjelp på Førde bibliotek. Er det noko med nettbrettet ditt, telefon, appar, innlogging, billettkjøp m.m. som er vanskeleg å få til?

Kanskje synest du det er vanskeleg å logge deg inn på helsenorge.no, ha dialog med Sunnfjord kommune, NAV, kjøpe billettar eller finne informasjon frå Skatteetaten?

Frå 3.september vil 2 rettleiarar tilby gratis datahjelp kvar torsdag på Førde bibliotek. Her kan du få ein-til-ein rettleiing i det du lurer på om bruk av smarttelefon, nettbrett eller datamaskin.

Tilbodet er for alle som har behov for rettleiing i den digitale kvardagen, og skal bidra til at du blir tryggare og meir sjølvhjelpen i digitale løysingar på miobil, nettbrett eller PC.

Stad: Førde bibliotek, Førdehuset
Tid: torsdagar klokka 12–14  

Du kan til dømes få hjelp til å:

  • finne informasjon på nettet
  • bruke appar på mobilen og nettbrett
  • kjøpe bussbillett
  • Vipps
  • QR-kodar
  • bestille time hos fastlegen
  • bruke BankID
  • få hjelp med e-post og utskrifter
     

Ta med mobilen og/eller nettbrettet ditt. Ingen spørsmål er “dumme” og vi synest det er kjekt om vi kan hjelpe deg!

VIKTIG: Del aldri kodar og passord med andre – heller ikkje med rettleiarar i datahjelpa.

Ta kontakt med biblioteket om du har spørsmål. Tlf. 57 72 19 09. E-post: bibliotek@sunnfjord.kommune.no