Sunnfjord kommune har i dag om lag 1 000 innbyggarar som er 80 år eller eldre. SSB sine framskrivingar viser at talet kan passere 2 000 kring 2042, altså ei dobling om berre 16 år. Demografiutvikling og omstillingsbehov - Sunnfjord kommune
Digitale verktøy
Digitale verktøy, kan gjere at nokre typar helseoppfølging kan gjerast heimanfrå, av den enkelte sjølv, utan fysisk oppmøte på legekontor, eller besøk av heimetenesta. Dette kan gjere at den enkelte innbyggar vert meir bevisst på eiga helse og blir betre i stand til å gjere gode val for seg sjølv. Og det kan frigjere tid og ressursar i eit helsevesen som skal rekke over mange, men vert tvinga til å gjere prioriteringar der dei som treng det aller mest er dei som får besøk av heimetenestene med fysisk omsorg og dei varme hendene.
Leiar i Førde Pensjonistlag Peter Midtun er engasjert i medlemmene sine interesser og oppteken av at pensjonistar må engasjere seg. Både for å vere med å bidra med si stemme for forme eit samfunn som er godt å leve i, men også for eigen del her og no. Einsemd er svært utbreidd og kan fort føre meg seg både fysiske og psykiske plager som gjerne kjem i tillegg til ei allereie sviktande helse når ein oppnår høg alder. Å engasjere seg i lag- og organisasjonar, delta i meiningsfulle aktivitetar, på møteplassar eller anna har mange positive ringverknadar. Å høyre til og vere del av eit positivt fellesskap der ein ilag med andre er med å skape noko positivt, er noko alle kan kjenne seg att i. Og ein kan bidra på ulikt vis, noko for ein kvar smak og kapasitet.
Gjengen som er samla over ein kaffikopp og ein matbit på gardsbakeriet på handelshuset er samde om mykje, og dei er opne for å lære nytt.
Brukarar av Digital Heimeoppfølging
Tom Kvist og Per Jørgen Fossheim er brukarar av Digital Heimeoppfølging. Dei deler det dei tenkjer er fordelar med denne type oppfølging og kva det har betydd for dei. Inne i appen på telefonen eller nettbrettet sitt kan dei sjå eigenbehandlingsplanen som er som ei «oppskrift» på kva tiltak ein skal gjere dersom ein opplever aukande symptom av sjukdommen. Ei bevisstgjering, ei tryggheit og ei støtte i kvardagen.
Tilbodet er i dag gratis, og ein var også innom drøftingar om eventuell eigenbetaling, utstyr, samhandling og korleis ting kanskje vil sjå ut i framtida.
Ole Magnus Nes er medlem i eldrerådet i Sunnfjord kommune, og han har erfaring med digital oppfølging frå sjukehuset. Han ser positivt på omstillingsplanane innan helse og omsorg som Sunnfjord kommune har lagt. Men der er eit stort arbeid som ligg framfor oss, der heimebaserte tenester vert meir satsa på. At digitale løysingar må vere ein del av kvardagen til både innbyggarar og helsepersonell er ikkje noko å tvile på. Så her trengs det omstillingsevne og vilje til å setje seg inn i nye måtar å både ta imot tenester og løyse arbeidsoppgåver på.
Prosjektleiar for digital heimeoppfølging Jofrid Aardalsbakke Djupvik er glad for alle innspel og for alt engasjement som bidreg til at kunnskap om digital heimeoppfølging vert spreidd. Dette er noko som angår alle våre innbyggarar. Særleg alt av helsepersonell, alle brukarar av omsorgstenester og alle pårørande som alle kan vere med å sjå behov og mogelegheiter for å løyse oppgåver på nye måtar.
Jofrid Aardalsbakke Djupvik - prosjektleiar for Digital Heimeoppfølging, Ole Magnus Nes – brukarrepresentant i prosjektgruppa og medlem i eldrerådet i Sunnfjord kommune, Peter Midtun – leiar i Førde pensjonistlag, Tom Kvist og Per Jørgen Fossheim – brukarar av Digital Heimeoppfølging i Sunnfjord kommune.
Sunnfjord kommune