Åtte kommunar, Helse Førde og Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale legevakt, har no ei enno meir robust felles plattform for å halde fram med det vidare arbeidet. I samarbeid og med gode drøftingar på tvers, fekk ein løfta dei vanskelegaste spørsmåla vi har rundt organisering av DHO som ein ny måte å gje innbyggarar i Sogn og Fjordane Helsefellesskap gode helsetenester på. Digital heimeoppfølging gjer at pasientar får støtte av helsepersonell i det daglege, i eigen heim. Råda pasienten får av sjukepleiarar som driv oppfølginga er basert på pasienten sin spesialtilpassa eigenbehandlingsplan. Denne er utarbeidd som forslag frå spesialist i sjukehus, og fastlegen har høve til å gjere nødvendige justeringar for å optimalisere oppfølginga. På denne måten kan pasienten få kvalifiserte råd i det daglege, samtidig som helsepersonell mottek viktige opplysningar som pasienten sjølv rapporterar inn.
Erfaringsutveksling, nettverksbygging, kompetanseheving og felles forståing var mellom anna deltakarane sine tilbakemeldingar. Her er andre synspunkt på utbytte frå samlinga:
«Det var sosialt, kjekt å bli kjent med andre personar frå andre kommunar. Nyttig å jobbe med gruppeoppgåver.»
«Å høyre heile forløpet, frå sjukehus til brukar/pårørande. Pust deg bedre innlegget med fysioterapeut.»
«Utveksling av pasient- og pårørande erfaring.»
«Viktig å treffast på tvers av nivå og tenester.»
«Mykje info, innblikk i prosessen utanfor eigen org. Brukar og spesialist foredrag.»
«Samhandling/drøfting omkring case eller aktuelle problemstilling.»
«Meir trygg i prosessen etter å fått høyrt erfaringar frå andre. Og bra med felles rutiner, at alle kommuner kan tilby samme tjeneste til brukarar.»
No vert arbeidet i den enkelte kommune å få innarbeidd rutinene hos seg og få informert helsepersonell og innbyggarar slik at tilbodet faktisk kjem ut til dei som treng det.
Både sjukehuset på Nordfjordeid og i Førde har foreslått digital heimeoppfølging til mange pasientar allereie. Lærdal sjukehus vil bidra inn i prosjektet på same måte.
Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevakt, SysIKL, skal frå april gradvis overta oppfølginga av pasientar som har digital heimeoppfølging. Dei har erfaring med rettleiing over video og telefon, og er vand med å handtere personar med forverringar av kols eller hjartesvikt.
Takk for kjekke møter, gode innlegg og engasjerande diskusjonar!