Detaljregulering Slåtten barnehage og byggefelt gbnr. 23/171– høyring

Detaljregulering Slåtten barnehage og byggefelt gbnr. 23/171 er lagt ut på høyring.
Høyringsperioden er 02.10.2026 – 16.11.2026.

Reguleringsplankart Slåtten barnehage og byggefelt. Utarbeida av nordplan - Klikk for stort bileteReguleringsplankart Slåtten barnehage og byggefelt. Utarbeida av nordplan

Kort om planen

Planområdet ligg aust for Slåtten skule og er ca. 18 dekar. Formannskapet vedtok å sende planen til høyring og offentleg ettersyn i møte 03.09.2026. 

Planen legg til rette for å bygge inntil 6-avdelingsbarnehage i Slåtten skulekrins og etablering 
av eit bustadfelt med frittliggande småhus og hus i rekke. 

Bakgrunnen for planarbeidet er tufta på Sunnfjord kommunestyre si handsaming av sak 003/23, der Plan for framtidig struktur av barnehagar i Sunnfjord kommune vart vedteken. 

Tiltak 3 var å bygge inntil 6-avdelingsbarnehage i Slåtten skulekrins som erstattar for Tusenfryd barnehage. Ved regulering til barnehage såg kommunen og Sunnfjord Tomteselskap AS det som naturleg å samstundes regulere inn eit bustadfelt som ei utviding av bustadområdet på Slåttebøen. 

Vedtak av ny detaljreguleringsplan vil erstatte delar av gjeldande reguleringsplanar:
Slåtten skule planID 4647_143220130005 
Slåtten Nord planId 4647_143219930046 
Slåtten Nord del 1 planID 4647_143219950046 

Planframlegget vil delvis oppheve reguleringsplan: 
fv. 601 Angedalsvegen del. 2 planID 4647_20200010 

Sjå viktige dokument i saka

 Sjå alle dokument i sak 23/13206 

Sei di meining innan 16. november

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er X. månad.

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:

Send innspel til 23/13206

Du kan også sende innspel på eDialog eller per post , då må du merke saka med saksnummer: 23/13206

  • eDialog
  • Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde 

Har du spørsmål?

Du kan ringe eller sende e-post til Helge Alme om det er noko du lurer på.,

Lovverk