Statens vegvesen
Kort om planarbeidet
Statens vegvesen skal i samråd med Sunnfjord kommune i gang med å lage detaljreguleringsplan for det nemnde prosjektet.
Planområdet
Planområdet er om lag 30 daa og omfattar gnr/brn: 312/1, 312/4, 312,7, 312/12 og 326/4.
Bakgrunn og formål
Planarbeidet omfattar eit punktutbetringstiltak med mål om å betre trafikksikkerheita og framkoma på E39 ved etablering av ny bru ved Grungen. Eksisterande bru har ikkje tilfredsstillande standard på brurekkverket, og det er difor sett i verk mellombelse strakstiltak for å halde brua open. Vegkurvaturen i tilknyting til brua er relativt skarp, noko som gjer strekninga utsett for ulykker. Statens vegvesen planlegg difor å byggje ei ny bru oppstraums for dagens bru, samstundes som veglinja vert retta ut gjennom området. I tillegg vil avkøyrsler og sideterreng bli vurderte og utbetra, og kollektivhaldeplassane oppgraderte.
Eksisterande Grungen bru er opphavleg ei steinkvelvsbru frå 1890 med høg kulturminneverdi. Brua er seinare påbygd, og det er planar om å fjerne denne påbygginga for å synleggjere den opphavlege konstruksjonen etter at ny trasé for E39 er etablert. Det er vurdert til at reguleringsplanarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing i høve «Forskrift om konsekvensutredninger». Notat med KU-vurdering ligg tilgjengeleg på Statens vegvesen og Sunnfjord kommune sine heimesider.
Sjå viktige dokument i saka
Sei di meining innan 2. november
Dersom du har opplysningar, synspunkt eller merknader som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet, bør du sende det inn. Dette kan vere med på å justere planen. Fristen for å sende inn innspel er 2. november 2026
Slik sender du innspel eller spørsmål
Vi ber om at de sender synspunkt, innspel eller relevante opplysningar til oss skriftleg innan 2.november 2026 til:
Statens vegvesen
pb. 1010 Nordre Ål
2605 LILLEHAMMER
Eller
E-post: firmapost@vegvesen.no
Innspel merkast med saksnummer «25/338021».
Har du spørsmål eller ynskjer å ta ein prat med oss kan du ta kontakt med:
Planleggingsleiar Runa Aaland Eggum
Telefon: 95 75 61 06
E-post: runa.eggum@vegvesen.no
Prosjektleiar Lars Inge Jakobsen
Telefon: 94 85 35 09
E-post: lars-inge.jakobsen@vegvesen.no
Lovverk
Dette varselet er sendt ut i samsvar med Plan- og bygningslova § 12-8. Planen vert utarbeidd etter §§12-3 og 3-7.