Budsjettkontroll per mai 2026

Budsjettkontroll per mai 2026 er ferdigstilt. Budsjettjusteringar vedteke som del av Tertialrapport per 30.april 2026 er innarbeidd i rapporten der blant anna avsetjing til disposisjonsfond vart auka til 47,8 mill. kroner. 

Det vert rapportert eit meirforbruk i sektorane på 33,1 mill. kroner. Meirforbruket i sektorane skuldast nye budsjettutfordringar til enkelttiltak, uføresette hendingar og forseinka økonomisk effekt av innsparingstiltak. Det vert arbeid med at tiltak skal ha økonomisk heilårseffekt i tråd med måltal i 2027. Av meirforbruket i sektorane vert 2,1 mill. kroner finansiert med auka utbytte, 4 mill. kroner med unytta pott for prisvekst og 27 mill. kroner med redusert avsetjing til disposisjonsfond. Dette gir eit positivt driftsresultat og styrking av disposisjonsfondet på 20,8 mill. kroner i 2026.

Sjukefråværet er på 8,9 % hittil i år samanlikna med 9,2 % i same periode i fjor. Nedgangen er likevel noko mindre enn ved utgangen av april, då sjukefråværet var 0,7 prosentpoeng lågare enn tilsvarande periode i 2025. 

Til formannskapsmøtet 03. september vil budsjettkontroll for juli vere klar og orienteringa i møtet vil ta utgangspunkt julirapporteringa.