Avduking av Europa Nostra prisen i Astruptunet

Frå Ordførar sin tale :

"Stort å avduke Europa Nostra prisen i Astruptunet!

Ein fantastisk dag for alle som har vore med på å restaurere hagen og husa i Astruptunet. Tusen takk for den høythengande prisen! 

Vi kjenner på ei djup takksemd for denne prestisjetunge utmerkinga. Det er ei anerkjenning av eit langsiktig, grundig og fagleg sterkt arbeid med ein heilt unik del av vår felles kulturarv. 

Her bygde ein av Norges fremste kunstnar gjennom tidene - Nikolai Astrup - opp sin heim. Her måla han sine kunstverk. 

Det er viktig for Sunnfjord kommune å ære han og ta vare på heimen hans. Astruptunet er ein skatt, og eit kulturminne som må bevareast, og det set oss på kartet nasjonalt og internasjonalt. 

Astruptunet har gått i gjennom ei skikkeleg ansiktsløfting. I dag framstår tunet om lag slik det var den gongen Astrup gjekk rundt i hagen og måla sine bilde der.

Landskapsarkitekt Ingeborg Mellgren Mathisen har hatt ansvar for hageprosjektet. Med hennar sterk fagkunnskap, store engasjement og ikkje minst kjærleik til prosjektet så er resultatet magisk.

DnB stiftelsen har vore ein viktig støttespelar. Anders Bjørnsen sin genuine interesse for Astrup sin kunst, og DnB sine finansielle musklar har vore avgjerande for å realisere hageprosjektet.

Jølster kommune kjøpte i si tid eigedommen. Sunnfjord kommune eig såleis Astruptunet, og musea i Sogn og Fjordane driftar museet.

Sunnfjord kommune har heile tida bidrege i restaureringsarbeidet, og  grundigheit og samarbeidsvilje har prega alle som har vore involverte i rehabiliteringa av tunet og hagen gjennom ni år. 

Om Nikolai og Engel Astrup hadde vore her i dag, så er eg sikker på at dei hadde dei vore svært så stolte over at heimen deira - som den einaste i Norge i 2026 - får ei slik utmerking, den høgthengande Europa Norstra-prisen. Takk!