Melding om skifte av eldstadDu treng ikkje søke til kommunen om å skifte ut eldstaden din, men for å sikre at feiaren har oversikt over fyringsanlegga er det viktig at du melder endringar. Send melding til feiaren om skifte av eldstadNår du har montert ny eldstad skal du sende ei melding til feiaren. Meld frå til feiaren om ny montering eller skifte av eldstadFeiaren kan gi pålegg om rettingDet er ingen formelle krav til dei som monterer eldstad, men vi oppmodar alle til å bruke kyndige fagfolk. Feiaren skal under feiing og tilsyn vurdere tilhøve ved fyringsanlegg og har mynde til å gje pålegg om retting der det er nødvendig.SkorsteinSkal du føre opp ny eller rehabilitere eldre skorstein? Hugs at dette er søknadspliktig.Har du spørsmål, ta kontakt medFeiar Naustdal - Jim Ivar Kalland, telefon90 82 29 66Feiar Førde, Jølster og Gaular - Jan Svoen, telefon 41 56 44 55Feiar Førde, Jølster og Gaular- Svein Inge Halbrend, telefon41 56 17 33Feiar Førde, Jølster og Gaular - Ine Andersson, telefon 93 42 52 69ForskriftForskrift om brannførebygging Sist endra 03.12.2025 10.54