Nedgrave oljetankar – sanering

Her finn du informasjon om sanering av olje- og parafintankar.

Forbodet mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar blei innført i 2020. Oljetankar som ikkje er i bruk har framleis restolje. Dette utgjer ein risiko for forureining. Eigaren har ansvaret for at tanken blir tømt og reinsa. 

Oljetankar over 3 200 liter skal gravast opp og leverast til godkjend mottak. Sunnfjord kommune har ikkje innført eit slikt krav for mindre tankar. Eigaren må såleis ikkje ha eit formelt løyve til å sanere tankar under 3 200 liter. Kommunen tilrår likevel at tanken blir gravd opp. Dersom tanken blir liggande i grunnen, har eigaren ansvaret for at den ikkje medfører fare for forureining eller annan fare i framtida.

Kommunen tilrår at eigaren nyttar eit kvalifisert føretak som har kompetanse på sanering. Når tanken er sanert, bør det sendast ei ferdigmelding til kommunen.