Tilskot frå fiske- og friluftslivsfondSunnfjord kommune forvaltar tre fiske- og friluftsfond i samband med kraftverksutbygging i Jølstra, Kjøsnesfjorden og Mo. Det kan søkjast om tilskot frå fonda til fiske- og/eller friluftstiltak innanfor dei respektive konsesjonsområda. Det skal nyttast same søknadsskjema for alle tre fonda.Fiske- og friluftsfond for Jølstra, Kjøsnesfjorden og Mo kraftverkRetningslinjer for kva fonda kan gi støtte til: Retningslinjer for fiske- og friluftslivsfond for Jølstra (PDF, 876 kB)Retningslinjer Kjøsnesfjordfondet til opphjelp av fisk, vilt og friluft (PDF, 875 kB)Retningslinjer fiske- og friluftsfond for Mo kraftverk (PDF, 124 kB)Kven kan søke om støtte frå fonda?Lag og organisasjonar, einskildpersonar eller kommune. Det er eit krav at tiltak eller prosjekt er lokalisert i Jølster (innanfor kommunegrensa av 2019) eller langs Jølstra. Kva kan fonda gi støtte til?Fonda kan gi støtte til: FiskekultiveringTilrettelegging for, og fremjing av, fritidsfiske- og friluftslivsaktivitetarTiltaka som får støtte skal kome ålmenta til gode. Det vert ikkje gjeve tilskot til medlemsaktivitet i lag og organisasjonar. Slik søker duSøknad om tilskot frå fiske - og friluftsfondSøknaden må innehalde:omtale av tiltaket/prosjektet det vert søkt støtte tilopplysningar om kven som står bak søknadenbudsjett og finansieringsplan for tiltaket/prosjektetNår lag eller organisasjonar søker er det krav om at (laget/organisasjonen) sitt siste godkjende årsrekneskap og-balanse vet lagt ved. SøknadsfristDet er to søknadsfristar i året: 1. mars og 1. september.Vilkår for støtte frå fondaTilskotet fell vekk dersom tiltak/prosjekt ikkje er gejnnomført innan 2 år frå løyvingsdato.Det er krav om skriftleg dokumentasjon på gjennomføring før utbetaling av tilskot. Kva type dokumentasjon skal gå fram av vilkår for løyving.Dersom det vert oppdaga at tilskot er betalt ut på grunnlag av falsk dokumentasjon vert tilskotet krevd tilbake. Spørsmål?Ta kontakt med Solfrid Trå om du har spørsmål om fonda. Sist endra 12.06.2026 13.32