Skummel scene

Dato
Onsdag, 30.10.2024 18.00 - 30.10.2024 19.00
Stad
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen

Skummel Elevscene

Den 30. oktober kl. 18 inviterer vi til Skummel elevscene i Nordsalen på kulturskulen. 

Det blir ei nervepirrande forestilling med skumle historier, dramatisk lyssetting og musikkstykke som passar til den mørke stemninga. Våre dyktige elevar bidrar med både lydforming og musikk, og kanskje ser du nokon i kostyme?

Dette er ikkje ein vanleg elevkonsert – her blir det høve til å oppleve ei skummel og stemningsfull atmosfære som får håra til å reise seg!

Elevane er klare til å imponere, og publikum er hjarteleg velkomne – både i vanlege klede eller utkledd i kostyme!

  • Tid: 30. oktober kl. 18
  • Stad: Nordsalen, kulturskulen

Lærarar