IDRETT, FYSISK AKTIVITET OG FRILUFTSLIV Vedlegg til Kommunal plan for kultur, frivilligheit og inkludering rullerast kvart år. Send innspel innan 1. september

Gregory Idehen

Vi ynskjer innspel frå lag og organisasjonar som vil bygge eller rehabilitere anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Sunnfjord kommune. Anlegg kan og vere turstiar/-løyper (inkl. merking) og kart. Å legge til rette for at folk kan drive både organisert og eigenorganisert aktivitet i sitt nærmiljø gir både livskvalitet og god folkehelse. Dei som vil etablere slike anlegg kan søke om spelemidlar, for å få finasiert delar av kostnaden.

Denne delen av planen vert rullert kvart år, slik at det ikkje er nødvendig å spele inn anlegg som ligg veldig langt fram i tid, bortsett frå større anlegg og gjerne planar om rehabilitering av eksisterande anlegg.

Godkjent plan

Vedlegg for idrett, fysisk aktivitet og fruiluftsliv (PDF, 216 kB)

Handlingsplan Nærmiljøanlegg 2024 - 2027 (PDF, 386 kB)

Handlingsprogram Ordinære anlegg 2024 - 2027 (PDF, 368 kB)

Typar anlegg og nedre kostnadsgrense

Det kan søkjast om spelemidlar til

  • ordinære anlegg (for organisert idrett og fysisk aktivitet) – nedre grense for kostnad er 150.000 kroner
  • nærmiljøanlegg (for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet) – nedre grense for kostnad er 50.000 kroner
  • rehabilitering av eldre anlegg
  • turkart – nedre grense for kostnad er 75.000 kroner

 

Som hovudregel kan ein få tilskot på inntil 1/3 av godkjent kostnad til bygging/rehabilitering av ordinære anlegg. Til nærmiljøanlegg kan ein få tilskot på inntil 50% av godkjent kostnad, maks kr 300 000.

Kven kan søkje?

For å kunne få spelemidlar er det eit krav at ein har eit organisasjonsnummer, og at prosjektet du vil gjennomføre er tatt inn i Sunnfjord kommune si «Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv». Den blir rullert kvart år gjennom vedtak i kommunestyret.

Oversikt over kven som kan søke spelemidlar til ulike typar anlegg, finn du i rettleiar som ligg på nettsida til regjeringa

Fristar

Innspel til nye anlegg

  • 1. september

Meld tilbake til oss innan 1. september om du har planar om prosjekt du vil søkje spelemidlar til. Eigne utfyllande opplysningar kan også leggast ved. Dersom det er feil eller manglar i eksisterande plan, set vi pris på å bli varslar om dette slik av vi kan rette det. Også anlegg som er spelt inn tidlegare, men som ikkje er aktuelle lengre ynskjer vi innspel om. 

Innspel kan sendast til

Merk innsending med saksnummer 24/2992

Søknadsfrist spelemidlar

  • 1. Oktober.

Søknadsskjema for spelemiddelsøknadar i 2024 er opna. Den kommunale søknadsfrist på spelemidlar er sett til 1. Oktober. For eksisterande søknader som ikkje har fått tildeling: hugs å gjenta søknad! 

Du søker via Anleggsregisteret sine søknadssider. 

Les om ordning med forskotering av spelemidlar

Spørsmål

Vi er tilgjengeleg for å hjelpe både på telefon og e-post og tidspunkt for møte kan utførast etter avtale.

Idrettskonsulent: Inge Larsen

Rådgjevar friluftsliv: Solfrid Trå

Einingsleiar: Anne-Grete N. Rognsøy

 

 

           

Kontakt

Solfrid Trå
Rådgjevar friluftsliv
E-post
Telefon 57 72 61 24
Mobil 97 62 30 98
Inge Larsen
Idrettskonsulent
E-post
Telefon 57 61 27 63
Mobil 91 55 63 26
Profilbilde av Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy
Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy
Einingsleiar
E-post
Telefon 57 72 61 14
Mobil 90 65 10 70