Leige av idrettshall

I Sunnfjord kommune har vi følgande idrettshallar som lag, organisasjonar og private kan leige:

  • Førdehuset
  • Halbrendhallen
  • Jølstrahallen
  • Skei storhall
  • Naustdalshallen
  • Gaularhallen

Korleis leige idrettshallane

  1. Ynskjer ein fast treningstid gjennom heile skuleåret, må du søke innan 1. juni. Informasjon om korleis ein søke om fast treningstid.
  2. For å leige Førdehuset tek du kontakt med driftskonsulent, Inge Larsen
  3. For å leige dei øvrige idrettshallane Søk i Aktiv kommune

Prisar

Sunnfjord kommune har vedteke at alle kommunen sine idrettshallar skal leigast ut etter følgjande prisoppsett:

Prisliste

  • Prisoppsettet legg til rette for at lag og/eller organisasjonar som nyttar idrettshallen mykje kan inngå i ein dugnad med kommunen for redusert leigepris. 
  • Det er også slik at alle frivillige lag og organisasjonar i Sunnfjord kommune kan leige til dugnadspris i helgar ved å syte for vakt og ansvarsperson sjølv.
  • I vekene vil dugnadsansvaret ligge til fast(e) idrettslag for kvar hall.
  • Kiosk er inkludert i leige av heil hall.
  • Førdehuset er ikkje mogleg å leige med dugnad eller kiosk. Redusert pris for barn og unge (ved trening, ikkje kamp) vil framleis gjelde for Førdehuset. Det er ikkje sett av midlar i økonomiplanen til å utvide dette tilbodet til heile Sunnfjord kommune.

 

Kamp – Endre /avlyse

Endre *
Seinast 5 dagar før oppsett dato

Halv pris

(Ny dato fakturer full pris)

Seinast 10 dagar før oppsett kampdatoFull pris
Avlyse *
Seinast 5 dagar før oppsett dato.Halv pris
Seinast 10 dagar før oppsett dato.Full pris

*Gjeld for seriekampar, treningskampar og turneringar

Avbestill arrangement

GebyrSats
Mindre enn 1 veke før arrangementFull pris
Mindre enn 4 veker før arrangementetHalv pris

Privatpersonar og ikkje MVA pliktige organisasjonar betaler ikkje MVA. Bedrifter og MVA pliktige organisasjonar betaler MVA.