Informasjon om anlegget
Gaularhallen stod ferdig i 2015 og er ein stor fleirbrukshall som inneheld:
- idrettshall
- klatrevegg
- svømmebasseng
- scene
- sosialt rom (med eller utan kjøkken)
- treningssenter*
- styrkerom
- spinningrom
- squash-hall
Idrettshallen har sportsdekke og har ei takhøgd på 9,6 meter. Hallen er totalt 2 150 m2. I hallen er det 4 garderobar, 2 dommargarderobar og ei tribune. Idrettshallen er 20*40 meter og kan delast inn i 3 salar.
I tillegg til idrett, blir denne hallen brukt til ein del større arrangement.
*Treningssenteret tilknytta Gaularhallen, blir drifta av Gaular idrettslag. Ta kontakt med dei angåande prisar og abbonement.
Opningstider
Gaularhallen kan leigast på kvardagar mellom klokka 16.00–22.00.
I helg og ferie er hallen tilgjengeleg for leige mellom klokka 08.00–22.00, etter avtale.
Hallen er sommarstengt 4 veker i juli.
Slik søker du om fast treningstid
Finn søknadsskjema og informasjon om korleis du søker om fast treningstid
Det er høve til å søke på ledig treningstid fortløpande etter 15. august
Idrettslag, organisasjonar eller private kan søke om ledige treningstider eller reservere anlegg til arrangement i aktiv kommune. Her vil ein kunne søke opp eit spesielt idrettsanlegg eller filtrere på type anlegg, idrett, fasilitetar eller bydel.
Leige av idrettshall i Aktiv kommune
Spørsmål?
Du kan kontakte Hege Andrea Sannerhaugen ved behov for hjelp til utfylling av skjema.
Meir informasjon finn du på sida: Søknad om fast treningstid i idretts- og symjehallar i Sunnfjord kommune