Ungdomsklubbar i Sunnfjord

Ungdomsklubb er ein rusfri møteplass for deg som går på ungdomsskulen og vidaregåande.  

Det er to kommunalt drifta ungdomsklubbar i Sunnfjord kommune, Løa i Førde og ungdomsklubben i Naustdal. Vi jobbar for å skape trygge, opne, rusfrie og inkluderande møteplassar for ungdom i kommunen.  Ungdomsklubbane er politisk uavhengige og religiøst nøytrale, og medlem av ungdom og fritid.

Tilbodet er gratis og  ein arena der du kan møte andre ungdommar. Ungdomsmedverknad er viktig og du, som er ungdom, kan vere med i klubbstyret eller delta som frivillig. 

Her finn du oss

  • Førde: Kyrkjevegen 22 - Løa - Skrivarløa Ungdomshus 
  • Naustdal: Tunavegen 6  - Naustdal ungdomsklubb  
     

Ungdomsmedverknad i klubbane

Om du vil kan du også engasjere deg i kvardagen på ungdomsklubbane. Du kan komme med forslag til kva vi burde gjere på i klubben, kva aktivitetar vi bør ha og kva vi bør kjøpe inn av utstyr og for eksempel kioskvarer. Ein får ikkje alltid ja, men har vi nok pengar  og forslaget kan gjennomførast  ved hjelp av flinke ungdommar, så kan det fort vere at forslaget ditt blir godkjent og ønsket går i oppfylling. 

Bilder frå ungdomsklubbane

Viktige samarbeidspartnarar

Kontakt

Eli Britt Danielsen
Ungdomskoordinator
E-post
Telefon 57 61 27 67
Mobil 94 81 84 40
Karin Fedje Bøyum
Miljørettleiar
E-post
Telefon 97 00 52 93
Mobil 97 00 52 93